Jelena Sjusjunova
Jelena Lvovna Sjusjunova (23. april 1969–16. august 2018) var ein russisk turnar frå Leningrad som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister 1985 og olympisk meister 1988 i mangekamp
Jelena Sjusjunova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 23. april 1969 St. Petersburg |
Død | 16. august 2018 (49 år) St. Petersburg |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's uneven bars |
Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Medaljen for utmerket arbeid, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Sjusjunova vann i alt elleve medaljar i verdsmeisterskap i turn. I Montreal i 1985 sikra ho seg gullmedalje i mangekampen, i hopp og i lagtevlinga. To år seinare i Rotterdam vann ho VM-gull i frittståande og i hopp. Under Sommar-OL 1988 i Seoul enda ho opp med gull i mangekampen og i lagtevlinga, medan det vart sølv i bom og bronse i skranke.
Sjusjunova døydde av lungebetennelse i heimbyen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yelena Shushunova» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2022.