Jenisejbukta (russisk Енисейский залив eller Jenisejskij zaliv) er eit stort og langt estuar som elva Jenisej endar i ved Karahavet i Russland. Jenisejbukta er i snitt 50 km brei og opp til 250 km lang. Ho strekkjer seg om lag i retning nord-sør i område rundt busetnaden Munguj, nord for Dudinka. Heile regionen er tynt folkesett og busetnadene her er bygd på permafrosten. Det er ikkje anna vegetasjon enn mose, lav og noko gras.

Plasseringa til Jenisejbukta

Munningen av Jenisejbukta er i området ved øya Sibirjakov i Karahavet.

Øyar endre

  • Jenisej har nokre flate, lågtliggande øyar heilt sør, som Brekhovskijøyane (Бреховские острова) Dei ligg der elva munnar ut i estuaret. Dette området er omgjeve av innsjøar og myrer og har mange armar med mindre elvar som renn gjennom våtmarkene rundt estuaret.
  • Vidare nordover opnar Jenisej seg opp og her vert vatnet brakt. Det er tre små øyar nesten midt i bukta, Bolsjoj Korsakovskij-øyane (острова Большой Корсаковский ). Den største er 4 km lang og 1,2 km brei. Burnij ligg til høgre og Tsjaisjnij ligg nærast kysten.
  • Krestovskij (Остров Крестовский) ligg 9 km lenger nordvest, nær austkysten. Ho er 7,5 km lang og 1,8 km brei. Øya er kalla opp etter den russiske forfattaren Vsevolod Vladimirovitsj Krestovskij (1840-1895).

Klima endre

Klimaet i området er særs hardt med lange, barske vintrar og mange stormar. Jenisejbukta er islagd ni månader av året og sjølv om sommaren er det mykje isflak i bukta. Om vintere vert skipsrutene halde opne av isbrytarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

72°30′N 81°15′E / 72.500°N 81.250°E / 72.500; 81.250