Sibirjakovøya

(Omdirigert frå Sibirjakov)

Sibirjakovøya (russisk Остров Сибирякова, Ostrov Sibirjakova), òg kalla Kuzkinøya (Кузькин остров), er ei øy på 800 km² i Karahavet i Russland. Ho er 38 km lang og 27 km brei og dekt av tundravegetasjon.

Plasseringa til Sibirjakovøya i Karahavet.
Sibirjakovøya og den mindre naboøya i nord, Nosok.

Øya ligg nord for estuaret til Jenisej, berre 35 km frå kysten.

Havet omkring Sibirjakovøya er fylt av pakkis om vinteren og sjølv om sommaren er det mykje isfjell. Sundet mellom Sibirjakovøya og fastlandet vert kalla Vostotsjnyj Proliv.

Øya høyrer til Krasnoyarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øya er kalla opp etter Aleksandr Mikhajlovitsj Sibirjakov, ein gullgruveeigar i Russland. Sibirjakov finansierte ekspedisjonar til Sibir, som dei Adolf Erik Nordenskiöld tok del i.

Nærliggande øyar endre

12 km nord for Sibirjakovøya ligg ei lita gruppe på tre øyar kalla Nosokøya.

Kjelder endre

Sjå òg endre

72°54′N 79°11′E / 72.900°N 79.183°E / 72.900; 79.183