Jenny Jenssen

norsk songar

Jenny Jenssen (fødd 22. februar 1964 i Bjerkvik) er ein norsk vokalist og artist/entertainar. Ho er kjend både som frontfigur i gruppa Septimus, soloartist og frå 2019 programleiar i radiokanalen P10 Country[1]. Ho har drive utstrakt turnéverksemd i Noreg og har opptredd i TV og på radio ved fleire høve, blant anna i feelgoodprogrammet Fem folkekjære fra Momarkedet. Jenssen deltok i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 2007 og i delfinalen 2020. Jenssen har selt over 300 000 plater, motteke éi dobbel platinaplate og fire gullplater.

Jenny Jenssen
Fødd22. februar 1964 (58 år)
FødestadBjerkvik
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, plateartist

Jenssen har vore med i draumekoret til Bettan og sunge duett med Bjarte Hjelmeland. I 2007 debuterte Jenssen som skodespelar i TV-serien Willys jul.

I 2010 var Jenssen med i MaestroNRK1. Våren 2011 deltok Jenssen og familien i programmet Charterfeber – Kjentfolk på tur på TV3. Hausten 2012 var Jenssen deltakar i Stjernekamp på NRK1. I mars 2013 var ho igjen å sjå som deltakar i 4-stjerners middag saman med Jannecke Øinæs, Beint Høie og Assad Arif.

Hausten 2014 feira Narvik Kulturhus Jenssen med festtilstellinga 50 år i livet – 40 år på scenen.

DiskografiEndra

Med SeptimusEndra

  • Septimusikk 4 (Columbia) 1991
  • Septimusikk 5 (Columbia) 1993
  • Min sang (Tylden) 1995
  • Fri (Tylden) 1997
  • Våre aller, aller bæste (Tylden) 1999
  • 12 rette (Tylden) 2001
  • Det beste av det meste – Septimus 40 år (Pinadø) 2011

Utgjevingar som soloartistEndra

  • Det e mannfolk nok (Tylden) 1998
  • Pinadø (Showtime Records) 2003
  • Blå rose (Showtime Records 2003)
  • Jennys jul (Pinadø) 2004
  • Frihet (Pinadø) 2006
  • De beste fra Jenny (Pinadø) 2007
  • Fint vær (Pinadø) 2009
  • From Our Hearts (Pinadø) 2010 med Åre Benoni
  • Det beste av det meste – Septimus 40 år (Pinadø) (2011)
  • «Mr. Hello» (singel, MGP-låt) (Pinadø) (2020)

ReferansarEndra

  1. «Jenny Jensen: Blir programleder». Vefsn: Helgelendingen. 11. januar 2019. s. 28.