Melodi Grand Prix 2007
Melodi Grand Prix 2007 var den 45. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 18 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 10. februar 2007 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Ven a bailar conmigo», framført av Guri Schanke og skriven av Thomas G:son. Guri Schanke representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors. Der kom ho på 18. plass i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Dette var første gong sidan 2002 at Noreg ikkje deltok i ein Eurovision-finale.
Melodi Grand Prix 2007 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Delfinale 1 | 20. januar 2007 | |||
Delfinale 2 | 27. januar 2007 | |||
Delfinale 3 | 3. februar 2007 | |||
Sistesjansen | 9. februar 2007 | |||
Finale | 10. februar 2007 | |||
Vertskap | ||||
Delfinale 1 | Alta | |||
Delfinale 2 | Bodø | |||
Delfinale 3 | Stokke | |||
Sistesjansen | Oslo | |||
Finale | Oslo Spektrum | |||
Programleiarar | Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 18 (8 i finalen) | |||
Vinnar | ||||
Song | «Ven a bailar conmigo» | |||
Artist | Guri Schanke | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2007 | ||||
Semifinalepoeng | 48 | |||
Semifinaleplass | 18. | |||
Finalepoeng | Ikkje kvalifisert | |||
Finaleplass | Ikkje kvalifisert | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Sendingane
endreNRK fortsette med turnékonseptet frå 2006, men flytta delfinalane frå fredagar til laurdagar. Igjen var det tre delfinalar med seks låtar i kvar. Dei to beste frå kvar delfinale gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 10. februar, medan tredje- og fjerdeplassane fekk ein ny moglegheit i Siste sjanse. Dei to siste i kvar delfinale var ute av tevlinga. I Siste sjanse gjekk dei to beste melodiane vidare, så det til saman blei åtte songar i finalen.
Fleire byar og tettstader melde seg på i konkurransen om å få ein av delfinalane til seg. Til slutt blei Alta, Bodø og Stokke vald til delfinalestader. Alta og Bodø hadde òg hatt delfinalar året før. Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø var programleiarar for alle sendingane. Per Sundnes rapporterte frå artistane sitt green room undervegs i sendingane. Dei tre delfinalane blei haldne i Finnmarkshallen i Alta, Nordlandshallen i Bodø og Brunstad Conference Center i Stokke. Siste sjanse og finalen gjekk av stabelen i Oslo Spektrum.
Totalt kom det inn 464 bidrag til NRKs opne konkurranse, og NRK plukka ut 14 av dei til delfinalane.[1] I tillegg inviterte NRK fleire komponistar til å levere inn spesialskrivne bidrag til tevlinga.
Fleire kjende artistar deltok i tevlinga dette året. Trine Rein var attende, i tillegg deltok dancegruppa Infinity, dansebandartisten Jenny Jenssen, soulartisten Torhild Sivertsen, den tidlegare barnestjerna Jannicke Abrahamsen og skodespelar Guri Schanke som hadde blitt nummer to i TV 2s Skal vi danse året før.
Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Til slutt vann Guri Schanke og låten «Ven a bailar conmigo», skriven av svenske Thomas G:son. Dette var andre gong ein svenske stod bak vinnarlåten i Melodi Grand Prix, første gong var i 2004.
Finalen
endreFørste runde
endreNr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Status |
---|---|---|---|---|---|
1 | «Hooked on You» | Infinity | Birgitte Moe og Rune Minde | Ute | |
2 | «Vil du ha svar» | Jenny Jenssen | Mats Larsson | Åsa Karlsström og Yngvar Gregersen | Ute |
3 | «Maybe» | Trine Rein med Andreas Ljones | Niclas Molinder, Joachim Persson og Pelle Ankarberg | Ute | |
4 | «Chicken Rodeo» | Dusty Cowshit | Morten Heiberg | Gullfinale | |
5 | «Love on the Dancefloor» | Torhild Sivertsen og The Funky Family | Taiwo Karlsen og Kehinde Karlsen | Ute | |
6 | «Rocket Ride» | Jannicke Abrahamsen | Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand | Gullfinale | |
7 | «Wannabe» | Crash! | Trond «Teeny» Holter | Gullfinale | |
8 | «Ven a bailar conmigo» | Guri Schanke | Thomas G:son | Gullfinale |
Gullfinale
endreNr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Røyster | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
4 | «Chicken Rodeo» | Dusty Cowshit | Morten Heiberg | 69 062 | 4 | |
6 | «Rocket Ride» | Jannicke Abrahamsen | Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand | 78 433 | 2 | |
7 | «Wannabe» | Crash! | Trond «Teeny» Holter | 70 203 | 3 | |
8 | «Ven a bailar conmigo» | Guri Schanke | Thomas G:son | 108 541 | 1 |
Røysting i finalen
endreDei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalestedane hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 10 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presentert. Sjåarrøystene blei delte inn i fem geografiske regionar ut frå kor i landet røystene kom frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[2]
Nr. | Tittel | Alta | Bodø | Stokke | Austlandet | Sør-Noreg | Nord-Noreg | Midt-Noreg | Vest-Noreg | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4 | «Chicken Rodeo» | 2 000 | 10 000 | 2 000 | 30 508 | 11 761 | 2 923 | 4 473 | 5 397 | 69 062 |
6 | «Rocket Ride» | 6 000 | 2 000 | 6 000 | 32 902 | 13 179 | 3 869 | 6 604 | 7 879 | 78 433 |
7 | «Wannabe» | 10 000 | 4 000 | 10 000 | 24 684 | 8 634 | 2 478 | 4 489 | 5 918 | 70 203 |
8 | «Ven a bailar conmigo» | 4 000 | 6 000 | 4 000 | 50 867 | 12 021 | 6 225 | 11 829 | 13 599 | 108 541 |
Delfinalene
endreDelfinale 1
endreFinnmarkshallen, Alta, laurdag 20. januar 2007
Nr. | Tittel | Artist | Komponist og tekstforfattar | Staus |
---|---|---|---|---|
1 | «Love on the Dancefloor» | Torhild Sivertsen og The Funky Family | Taiwo Karlsen og Kehinde Karlsen | Finale |
2 | «Goodbye to Yesterday» | Blue Moon Band | Kjetil Røsnes og Kirsti Johansen | Siste sjanse |
3 | «Perfect Sin» | Marika Lejon | Adam Alvermark | Ute |
4 | «Livets små stjerner» | Marianne Solberg | Kirsti Carr | Ute |
5 | «Are You Ready» | Stian Joneid | Kim Arne Hagen og Hans-Petter Moen | Siste sjanse |
6 | «Hooked on You» | Infinity | Birgitte Moe og Rune Minde | Finale |
Delfinale 2
endreNordlandshallen, Bodø, laurdag 27. januar 2007
Nr. | Tittel | Artist | Komponist og tekstforfattar | Status |
---|---|---|---|---|
1 | «Ven a bailar conmigo» | Guri Schanke | Thomas G:son | Finale |
2 | «Better Than This» | Hazen | Mikael Jensen, Eivind Skovdahl og Morten Hazen | Siste sjanse |
3 | «Under stjernene» | Malin Schavenius | Thomas Törnholm, Dan Attlerud, Kurre Westling og Micke Løvdalen | Siste sjanse |
4 | «I Wanna Be With You» | Andreea | Maria Marcus | Ute |
5 | «Unbelievable» | Amelia | Svein Finneide, Jens Thoresen, EAR, Daniel Pandher, Ken Ingwersen, Tommy La Verdi og Halvor Holter | Ute |
6 | «Chicken Rodeo» | Dusty Cowshit | Morten Heiberg | Finale |
Delfinale 3
endreBrunstad Conference Center, Stokke, laurdag 3. februar 2007
Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Status |
---|---|---|---|---|---|
1 | «Rocket Ride» | Jannicke Abrahamsen | Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand | Siste sjanse | |
2 | «Maybe» | Trine Rein med Andreas Ljones | Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg | Siste sjanse | |
3 | «Creator» | Monica Hjelle | Jan Eggum | Kaia Huuse | Ute |
4 | «Wannabe» | Crash! | Trond «Teeny» Holter | Finale | |
5 | «Here» | Christina Undhjem | Eirik Husabø | Ute | |
6 | «Vil du ha svar» | Jenny Jenssen | Mats Larsson | Åsa Karlsström og Yngvar Gregersen | Finale |
Siste sjanse
endreOslo Spektrum, Oslo, fredag 9. februar 2007
Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Status |
---|---|---|---|---|
1 | «Maybe» | Trine Rein med Andreas Ljones | Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg | Finale |
2 | «Are You Ready» | Stian Joneid | Kim Arne Hagen og Hans-Petter Moen | Ute |
3 | «Under stjernene» | Malin Schavenius | Thomas Törnholm, Dan Attlerud, Kurre Westling og Micke Løvdalen | Ute |
4 | «Better Than This» | Hazen | Mikael Jensen, Eivind Skovdahl og Morten Hazen | Ute |
5 | «Goodbye to Yesterday» | Blue Moon Band | Kjetil Røsnes og Kirsti Johansen | Ute |
6 | «Rocket Ride» | Jannicke Abrahamsen | Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand | Finale |
Hendingar
endreOgså dette året var det mange utanlandske låtskrivarar blant dei 464 innsendte bidraga. Heile 262 av bidraga kom frå svenske låtskrivarar, medan berre 143 var norske. Den labre norske deltakinga fekk mellom anna Jan Eggum til å reagere, og han oppmoda norske komponistar om å kome på bana. Sjølv stod han og den dåverande artistkona hans, Kaia Huuse, bak bidraget «Creator».[3]
Etter den norske finalen blei «Ven a bailar conmigo» gitt ut i Sverige, då framført av den svenske artisten Anna Book.[4] I Noreg blei ikkje vinnarlåten nokon stor salssuksess, og han kom ikkje inn på VG-lista. «Ven a bailar conmigo» klarte heller ikkje å kvalifisere seg til finalen i Eurovision Song Contest i Helsingfors. Det norske bidraget enda på ein 18. plass med 48 poeng i semifinalen, og det var berre dei ti beste som gjekk til finalen. Dette var første gong Noreg blei ståande utanfor ein Eurovision-finale sidan 2002.
Sjåartala for årets sendingar låg langt under åra før. Berre 986 000 såg finalen, det lågaste talet som var registrert til då.[5] For dei tre delfinalane og Siste sjanse var sjåartala: 769 000, 748 000, 734 000 og 664 000.[6][7] Dette var omtrent på same nivå som delfinalane året før.
Fotnotar
endre- ↑ Grønneberg, Anders (15. september 2006). «Svensk MGP-kupp». Dagbladet. s. 59.
- ↑ «Melodi Grand Prix 2007 – norsk finale (del 2:2)». Norsk rikskringkasting. 10. februar 2007. Besøkt 8. august 2016.
- ↑ Eggum, Jan (14. november 2006). «Gode låter i Grand Prix (debattinnlegg)». Dagbladet. s. 60.
- ↑ Østbø, Stein (26. februar 2007). «Vinnerlåten til Guri gis ut i Sverige ... men da synger ikke Guri». Verdens Gang. s. 32.
- ↑ «Mest sett – lørdag 17.». Verdens Gang. 17. februar 2007. s. 51.
- ↑ «Mest sett – lørdag 27.». Verdens Gang. 3. februar 2007. s. 51.
- ↑ «Mest sett – fredag 9.». Verdens Gang. 16. februar 2007. s. 51.