Bent Høie
Bent Høie (fødd 4. mai 1971 i Randaberg) er ein norsk politikar frå Høgre og helseminister i regjeringa Solberg. Han har sete på Stortinget for Rogaland sidan 2000, og har vore vald inn fast sidan 2001. Han er leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité frå 2009. Høie har vore medlem av arbeidsutvalet til Høgre sidan 2008, og er 2. nestleiar sidan 2010.
Bent Høie | |
Bent Høie Foto: Jarle Vines | |
Fødd | 4. mai 1971 (51 år) Randaberg |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, funksjonær |
Utdanna ved | Norsk hotellhøgskole |
Ektefelle | Dag Terje Klarp Solvang |
Sambuar | Dag Terje Klarp Solvang |
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling |
Verv | Norsk helse- og omsorgsminister 16. oktober 2013– |
Føregangar | Jonas Gahr Støre |
Verv | 2. nestleiar i Høgre 9. mai 2010– |
Føregangar | Erling Lae |
Verv | Stortingsrepresentant 8. april 2000– |
BakgrunnEndra
Høie er son av supervisor Kurt Høie (1942–) og Solveig Vistnes (1943–), og voks opp i Randaberg nord for Stavanger. Bent Høie gjekk fyrst på grunnskule i Randaberg 1978–1987, og vidare ved handel- og kontorlinja ved Randaberg VGS 1987–1990. Deretter gjekk han eit toårig studium i hotelladministrasjon ved Norsk Hotellhøgskole 1991–1993, og han har dessutan grunnfag i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1991. Høie hadde diverse jobbar ved Sola Strand Hotell 1990–1994. Han var styreleiar i stiftinga Dysleksiforskning 2000–2006.
Politisk arbeidEndra
Høie kom tidleg inn i politikken, fyrst som leiar i Rogaland Unge Høgre 1990–1992. Medlem av Rogaland fylkesting 1991–1999, Randaberg kommunestyre 1991–1995, Stavanger bystyre 1999–2003, og Rogaland fylkesutval 1999–2000. Sentralstyremedlem i Unge Høyre 1993–1995, og politisk rådgjevar for Stavanger Høgres bystyregruppe 1995–1999. Ved stortingsvalet 1993 og kommunestyre- og fylkestingsvalet 1995 var han valkampsekretær for Rogaland Høgre, og var 3. vararepresentant til Stortinget 1993–1997. Nestleiar i Rogaland Høgre 1997–1999, og 1. vararepresentant til Stortinget frå 1997. Leiar i Stavanger Høgre 2000–2002.
8. april 2000 døydde stortingsrepresentant Jan Johnsen, og Høie rykte då opp som fast møtande representant. I 2001 vart han vald inn som representant nr. 1 frå Rogaland, og tok plass i Stortingets sosialkomité. Han var seinare medlem i Stortingets kommunal- og forvaltingskomité 2005–2009, og har vore leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité sidan 2009.
StortingskomitearEndra
- 2001–2001: Varamedlem i Valkomiteen
- 2000–2001: Medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Sosialkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Leiar i Helse- og omsorgskomiteen
- 2009–2013: Varamedlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Valkomiteen
BakgrunnsstoffEndra
- Bent Høie Arkivert 2010-01-14 ved Wayback Machine. hos Høyre
- Bent Høie hos TV 2
- Bent Høies blogg Arkivert 2010-09-26 ved Wayback Machine.