Jens Gasmann

norsk politikar

Jens Severin Gasmann (17767. mai 1850) var ein norsk sjømann, forretningsmann og politikar frå Gjerpen.

Jens Gasmann

Fødd1776
Gjerpen kommune
Død7. mai 1850 (74 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1824–1826)
  • ordførar i Porsgrunn (1839–1840) Sjå dette på Wikidata

Far hans var prokurator. Sjølv reiste han til sjøs og vart skipper i 1798. Ein periode sigla han for Jørgen Aall.Han deltok i kanonbåtkrigen mellom Danmark-Noreg og Storbritannia som sekretær til admiral Fisker.[1] I 1812 gjekk han i kompaniskap med kjøpmann Hans Møller i Porsgrunn, og dreiv handel der. Han bygde eit brennevinsbrenneri i 1818 og dreiv 1821-24 handel i Skien. Frå 1822 var han hamnefut i Porsgrunn, frå 1826 i tillegg losoldermann og meklar. Elles var han forlikskommissær og britisk konsul.

Gasmann var 2. varamann til Stortinget i 1824 for krinsen Skien og Porsgrund. Han møtte likevel på tinget, då den valde representanten var sjuk og valet av varamannen vart underkjent. Han var medlem av komiteane om kjøpstadskatten og om staten sine fordringar mot firma Møller & Co.

I 1837, ved det fyrste kommunale valet, vart Gasmann vald til varaordførar i Porsgrunn. Jørgen Flood vart ordførar, «etter innbyrdes overenskomst imellom formennene».[2] Gasmann var ordførar i 1839-40 med Flood som varaordførar.[3] I 1843 var han med i ein kongeleg kommisjonen om emigrasjonsspørsmålet.

Gasmann døydde i Porsgrunn i 1850.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar endre

  1. Storgaden nr. 186, av Finn C. Knudsen. Porsgrunn offentlige bibliotek.
  2. Kommunalt styre. Administrasjon og finanser, i bind to av Porsgrunns historie, av Joh. N. Tønnessen. Porsgrunn offentlig bibliotek.
  3. Ordførere og viseordførere, av Carl Lund. Porsgrunn offentlig bibliotek.