Jens Pedersson Lunde (24.januar 188413. november 1974) var ein norsk landbruksmann frå Aurland i Sogn, stortingsrepresentant for Bondepartiet 1939-40 og 1945-53.

Jens Lunde
Fødd 24. januar 1884
Død

13. november 1974

Yrke politikar

Liv og gjerningEndra

Lunde gjekk skulevinterane 1901/02 Sogndal Folkehøgskule og 1902/03 ein jordbruksskule på Rikheim i Lærdal. Etter eksamen ved Noregs Landbrukshøgskule 1907, fekk han stipend og studerte saueavl i Skottland same året. Åra 1909-12 underviste han på Stend jordbruksskule, deretter var han 1912-17 fylkesagronom i Sunnfjord. Med ytterlegare studieturar til Danmark, Sverige og Tyskland i 1920 og 1931, gav han ut ei lærabok i saueavl.

I 1917 overtok Lunde farsgarden i Aurland og starta ein privat landbruksskule, seinare kjend som Sogn jord- og hagebruksskule. Denne skulen styrde han til 1923. Frå 1923 til -49 var han landbrukssekretær i Sogn og Fjordane, sidan var han landbrukssjef i fylket til 1954.

Lunde var medlem av heradsstyret i Aurland frå 1919 til 1941. Han var ordførar i heradet 1926–28 og 1936–41.

Lunde møtte på Stortinget i 1939-40 som vararepresentant frå Sogn og Fjordane og Bondepartiet. Frå hausten 1945 hadde han fast plass på Stortinget frå same valkrinsen og partiet, og vart hausten 1949 attvald for fireårsperioden 1950-53. Han var både sekretær og nestformann i Landbrukskomiteen.

KjelderEndra