Jens Michael Lund

Jens Michael Lund (13. januar 187210. mars 1943) var ein norsk jurist frå Oslo, frå 1916 til 1920 den fyrste riksmeklingsmannen i Noreg.

Jens Michael Lund
Jens Michael Lund.jpg
Fødd 13. januar 1872
Død

10. mars 1943 (71 år)

Yrke advokat, redaktør

Lund var dotterson til Frederik Stang og bestefar til høgsterettsdommaren Ketil Lund. Han var dessutan bror til juristen og politikaren Fredrik Stang Lund.

Jens Michael Lund vart cand.jur. i 1897 og var høgsterettsadvokat frå 1902. Attåt advokatpraksisen var han frå 1908 redaktør av Norsk retstidende og frå 1911 formann i appellkommisjonen til riksforsikringa.

I tida 1916-20 var Lund Noregs fyrste riksmeklingsmann, ei tid prega av talrike arbeidstvistar i landet. Også etter at han hadde slutta som riksmeklingsmann deltok han som meklar i fastlåste og vanskelege konfliktar. Han var såleis fungerande riksmeklingsmann under sjømannskonflikten i 1921 og formann i skilsdomstolen for ei rad tvistar i 1922.

Perioden 1922–36 var Lund formann i arbeidsrådet og 1933–36 i boikottdomstolen.

KjelderEndra