Jens P. Flå
Jens P. Flå (13. februar 1923–31. januar 2002) var ein norsk gardbrukar frå Rennebu, stortingsrepresentant 1973-85 for Kristeleg Folkeparti.
Jens P. Flå | |||
Fødd | 13. februar 1923 Rennebu kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 31. januar 2002 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Liv og gjerning
endreFlå var utdanna ved Tomb jordbruksskole og arbeidde frå 1951 som gardbrukar i Rennebu. Ved sidan av å drive gard var han mellom anna aktiv som handelsbetent, meieriarbeidar, kontorassistent – og i seinare år òg som medarbeidar i lokalradio.
Flå var formann i Rennebu Kristeleg Folkeparti 1948–51. Han var medlem av Rennebu kommunestyre frå 1948, ordførar i periodane 1960-65 og 1968-73. I tida som ordførar var han tidvis medlem av fylkesutvalet, fylkeslandbruksstyret, fylkesskogrådet og fylkeslønnsutvalet i Sør-Trøndelag.
Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i tre periodar, og sat på Stortinget frå 1973 til 1985. Flå var ein markert EF-motstandar, og fekk fast plass på Stortinget etter at Sør-Trøndelag Kristeleg Folkeparti vraka den sitjande stortingsrepresentanten, ja-mannen Kristoffer Rein, i ein dramatisk nominasjonsprosess i 1973. På Stortinget haddet Flå sete i både Finanskomiteen, Valkomiteen og Kommunal- og miljøvernkomiteen.
Flå var sterkt engasjert i kyrkje og misjon, og var formann i både Rennebu menighetsråd og Rennebu indremisjonsforening. Han var medredaktør av bøkene Ein såmann gjekk ut og Misjonshistorie for Rennebu for dei siste 150 år.
Medlemsskap i stortingskomitear
endre- Finanskomiteen 1973-1977
- Valkomiteen 1973-1977
- Finanskomiteen 1977-1981
- Valkomiteen 1983-1985
- Kommunal- og miljøvernkomiteen 1981-1985