Jens Steiro

Norsk bonde og politikar

Jens Jørgen Jensson Steiro (26. februar 187413. oktober 1939) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Alstahaug som representerte Nordland og BondepartietStortinget i åra 1922-27.

Jens Steiro
Fødd 26. februar 1874
Alstadhaug
Død

13. oktober 1939

Yrke Lensmann, bonde, politikar

Steiro var son til ein gardbrukar. I 1890 og -91 gjekk han to ulike kurs på Helgelands amtsskule. Elles i ungdomen deltok han i Lofot-fisket i ni vintrar, og arbeidde heime på farsgarden. Fire vintrar dreiv han fiskeoppkjøp i Lofoten, før han i tida 1900-03 var oppsynsbetjent under Lofot-fisket. Deretter var han 1904-06 lensmannsbetjent i Vågan.

Frå 1905 var Steiro brukar av farsgarden i Alstahaug. Samstundes tok han til som heradskasserar, ei stilling han hadde til han frå 1911 til 1924 var kasserar i Alstahaug Sparebank.

Steiro var varaordførar i Alstahaug frå 1910, seinare ordførar 1918-21 og 1925-27?. Han var også forlikskommissær. Steiro møtte på Stortinget i periodane 1922-24 og 1925-27, der han var med i den fyrste stortingsgruppa til Bondepartiet. Begge treårsperiodane var han medlem i Post- og telegrafkomiteen. I 1935 vart han vald til styreformann for Nordland landbruksskule, og same året styremedlem i Norges Kjøtt- og Fleskesentral.

KjelderEndra