Opna hovudmenyen

Jeránia (gresk Γεράνεια), òg skrive Gerania, er ei fjellkjede i Hellas. Ho strekkjer seg frå Áji Theódori til Korintbukta, og frå Loutráki til Egósthena.

Jeránia
Γεράνεια
fjell
Land Flag of Greece.svg Hellas
Område Korinthía og Attikí
Høgd 1 351 moh.
Koordinatar 38°1′12″N 23°7′59″EKoordinatar: 38°1′12″N 23°7′59″E

Frå toppen av fjellet kan ein sjå den austlege halvdelen av Korintbukta og delar av det sørlege Viotía. På klåre dagar kan ein òg sjå Mégara og sletta her i tillegg til den vestlege delen av Attikí og øya Salamína og Saroniabukta. Namnet på den høgaste toppen er Makryplági, som er 1 351 m.

Under peloponnesarkrigen okkuperte korintarane og deira allierte høgdene i Jeránia og marsjerte mot Mégara med ein stor styrke.

Næraste staderEndra

  • Egósthena, nordaust
  • Mégara og Mégarasletta, vest og nordvest
  • Kakiá Skála, nordvest
  • Loutráki, nordvest

KjelderEndra