Jern(II)sulfat

kjemisk sambinding

Jern(II)sulfat, jarn(II)sulfat eller ferrosulfat, tidlegare kalla jernvitriol eller jarnvitriol, er eit salt med kjemisk formel FeSO4. Det er lysegrønt på utsjånad, ikkje giftig og kan lett løyast i vatn. Rette kjemiske namnet på stoffet er jern(II)sulfat, der det romerske totalet markerer ladningen til jernet, for å skilja det frå jern(III)sulfat.

Jernsulfat i pulverform.

Jernvitriol blir seld hos dei fleste større fargehandlarar. Stoffet er mykje brukt som beisemiddel i farging av garn med planter. Det gjer at gule fargar blir grågrøne, raude blir brune, og brune blir gråbrune eller svartbrune.

Jernvitriol kan også brukast til overflatebehandling av treverk. Nokre månader etter påføring vil treverket få ein brunleg til sølvgrå fargetone. Nytt panel må stå og tørka i 5-6 veker før påføring. Behandlinga gjer at treveggen kan stå ubehandla i årevis, men hindrar ikkje fukta i å kome inn i treverket. Beising med jernvitriol er derfor mindre eigna i slagregnområde.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jern(II)sulfat
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.