Jessheim videregående skole
Jessheim videregående skole er den største vidaregåande skulen i Viken. Skulen har over 1 300 elevar og kring 240 tilsette og ligg nordvest for Jessheim sentrum. Bygningsmassen dekkjer over 15 000 kvadratmeter. Skulen vart bygd i 1972. Her er det åtte utdanningsprogram, i tillegg til ei avdeling for tilpassa opplæring i mindre grupper innan alle utdanningsprogramma. Skulen tilbyr vaksenopplæring for om lag 150 elevar på kveldstid, og har 60 elevar på Ullersmo fengsel.
Jessheim videregående skole | |
![]() | |
Motto | Det mangfoldige alternativet |
---|---|
Skuletype | Offentleg vidaregåande skule |
Grunnlagd | 1972 |
Fylke | Viken |
Kommune | Ullensaker |
Tettstad | Jessheim |
Adresse | Ringvegen 50, 2050 Jessheim |
Rektor | John Arve Eide |
Elevar | 1 300 |
Tilsette | 240 |
Eigar | Akershus fylkeskommune |
Nettstad | www.jessheim.vgs.no |
![]() Jessheim videregående skole |
Området var tidlegare ein militærleir Jessheim-leiren som vart rive for å gi plass til skulen.
Kjelde Endra
- Denne artikkelen byggjer på «Jessheim videregående skole» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011.