Jesu, meine Freude

motett for femstemmig kor av Johann Sebastian Bach

Jesu, meine Freude, BWV 227, er ein motett komponert av Johann Sebastian Bach.

Jesu, meine Freude
BWV 227
Motett av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføringukjend
Publiseringsdato1803
Typisk lengd19:35
Satsar/akter11
Tonearte-moll

Han vart komponert i Leipzig, truleg i 1723, kanskje for ei gravferd. Han er den lengste og mest kjende av dei seks motettane til Bach. Bach-forskaren Christoph Wolff meiner at motettane ein ikkje sikkert kjenner føremålet til, ikkje nødvendigvis hadde eit spesifikt føremål, men var kanskje noko Bach komponerte som ein del av undervisninga si.[1]

Teksten er skriven av Johann Franck 1653 og henta frå Paulus’ brev til romarane 8: 1, 2, 9-11

Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, meine Freude». Denne melodien av Johann Crüger kom først på trykk i Crügers Praxis pietatls melica (4. utgåve) i Berlin i 1653.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er komponert for femdelt kor (SSATB).

Det består av elleve satsar:

  1. «Jesu, meine Freude»
  2. «Er ist nun nichts»
  3. «Unter deinen Schirmen bin ich vor den Sturmen»
  4. «Denn das Gesetz des Geistes, das da lebendig macht»
  5. «Trotz, trotz dem alten Drachen»
  6. «Ihr aber seid nicht fleischlich»
  7. «Weg mit allen Schatzen»
  8. «So aber Christus in euch ist»
  9. «Gute Nacht, o Wesen»
  10. «So nun der Geist dess, der Jesum von den Toten auferweckt hat»
  11. «Weicht, ihr Trauergeister»

Kjelder endre

  1. Brian Robins. «Jesu, meine Freude, motet for 5-part chorus, BWV 227 (BC C5)». Allmusic. Henta 21. april 2010. 

Bakgrunnsstoff endre