Jevgenija Isakova

Jevgenija Leonidovna Isakova (fødd 27. november 1978) er ein russisk tidlegare hekkeløpar frå Leningrad som i 2006 vart europameister på 400 meter hekk.

Jevgenija Isakova
Statsborgarskap Russland
Fødd 27. november 1978 (45 år)
St. Petersburg
Idrett friidrett

Isakova vart i 2006 russisk meister på langhekken på tida 55,09 sekund. Under europameisterskapen i Göteborg sette ho i semifinalen personleg rekord med eit løp på 54,17 sekund. I finalen sprang ho på livsbeste 53,93 sekund og vann gullmedaljen, 9 hundredels sekund framom greske Fani Khalkia. Året etter enda Isakova på sjetteplassen då verdsmeisterskapen fann stad i Osaka.

Kjelder endre