Jezzine
Jezzine eller Jizzin (arabisk جزين) er ein by i Libanon, 22 km frå Sidon og 40 km sør for Beirut.[1] Han er omgjeve av høge fjell, furuskogar og ligg i snitt 950 meter over havet. Han er ein sommarferiestad og turistmål i Sør-Libanon. I Libanon er byen kjend for handlaga, tradisjonelt bestikk og dolkar med dekorative mønster, i tillegg til heilagdomen Vår frue av fossen.
Jezzine | |||
جزين | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Sør guvernement | ||
Distrikt | Jezzine distrikt | ||
Koordinatar | |||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Jezzine | |||
Wikimedia Commons: Jezzine | |||
Innbyggjarane i Jezzine er hovudsakleg katolikkar i den maronittiske eller den melkittiske kyrkja.
LandemerkeEndra
- Jezzinefossen, kring 90 meter høg
- Vår frue av fossen, ein heilagdom til Jomfru Maria
- Det 400 år gamle Kanaan-familiepalasset
- Chirklippa med panoramautsikt over dei skogkledde fjella
- Fakhreddin II-grotta
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Jezzine» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: