Jiang Zemin

kinesisk politikar

Jiang Zemin (17. august 192630. november 2022) var ein kinesisk statsleiar, fødd i Yangzhou i Jiangsu. Han var president i Folkerepublikken Kina frå 1993 til 2003.

Jiang Zemin
Jiang Zemin 2002.jpg
Fødd17. august 1926
Yangzhou
Død30. november 2022 (96 år)
Statsborgar avRepublikken Kina, Folkerepublikken Kina
PartiKinas kommunistparti
Yrkepolitikar, elektroingeniør
InstitusjonarJiaotonguniversitetet i Shanghai
Shanghai Yimin No.1 Food Factory
Shanghai Soap
China United Engineering Corporation Limited
FAW
Shanghai Electric Apparatus Research Institute
Wuhan Institute of Thermal Machinery
First Ministry of Machine-Building of the People's Republic of China
Import and Export Administration Commission of the People's Republic of China
Ministry of Electronics Industry
Shanghai Municipal People's Government
Shanghai Municipal Committee of the Chinese Communist Party
Kinas kommunistpartis sentralkomité
Utdanna vedJiangxi -provinsens gymnas
Zhongyang-universitetet
Jiaotong-universitetet
Yangzhou Dongguan Primary School
MorWang Zhelan
FarJiang Shijun
EktefelleWang Yeping
BarnJiang Mianheng, Jiang Miankang

Jiang utdanna seg til elektroingeniør. Perioden 1985-89 var han sjef for Kinas kommunistiske parti i Shanghai, medlem av politbyrået i partiet frå 1987. Etter massakrane i Beijing i 1989 tok han over som generalsekretær i KKP, straks etter også formann i militærkommisjonen i Kina. Den 27. mars 1993 vald til president i folkerepublikken, i 1998 attvald for ein ny femårsperiode.

Jiang fremja omfattande økonomiske reformar som førte til sterk vekst i den industrielle produksjonen. Derimot motsette han seg reformar på det politiske feltet. Han vart avløyst som president av Hu Jintao i mars 2003.

Jiang vitja Noreg i 1996.

KjelderEndra