Opna hovudmenyen

Jig er ein type turdans dansa av eit ensemble, truleg av engelsk eller keltisk opphav. Han blir dansa som folkedans i Irland og Skottland med livlege hinkesteg i 3/8 eller 6/8 takt. Jig var forløpar for selskapsdansen gigue, som i perioden 1650–1750 danna siste sats i musikalske suiter.[1]

KjelderEndra

  1. «jig – britisk folkedans». Store norske leksikon (på norsk). 24. juli 2018.