Jigsaw Rock Gut
Jigsaw Rock Gut er ei markant ravine 1 km vest for Margaret Hill på Rücker Ridge i Royal Society Range i Victoria Land i Antarktis. Han vart namngjeven av New Zealand Geographic Board i 1994 etter at ei feltgruppe frå New Zealand Geological Survey arbeidde i området i 1977–78. Intense og intrikate foldar glir inn i kvarandre som eit puslespel (jigsaw på engelsk) i marmorveggen på austsida av denne ravina, og dette har gjeve opphav til namnet.[1]
Jigsaw Rock Gut | |||
dal | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°12′S 162°52′E / 78.200°S 162.867°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jigsaw Rock Gut 78°12′00″S 162°52′01″E / 78.2°S 162.867°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Jigsaw Rock Gut». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jigsaw Rock Gut» (innhald frå Geographic Names Information System).