Jill Walker Rettberg
Jill M. Walker Rettberg (fødd i 1971) er ein australsk-norsk forskar på digitale medium. Ho er professor i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen.[1]
Jill Walker Rettberg | |||
| |||
Fødd | 1971 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg, Australia | ||
Område | digitalt medium | ||
Yrke | vitskapsperson | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen | ||
Doktorgradsrettleiar | Espen Aarseth |
Rettberg tok hovudfag i litteraturvitskap på ei oppgåve om hypertekstfiksjon.[2] Ho tok dr.art.-graden i 2003 på ei avhandling om forteljarteknikk i fiksjonslitteratur på internett.[3] Frå 2005 til 2007 var ho leiar for Institutt for humanistisk informatikk.
Rettberg har særleg skrive om dataspel, digital kunst, sosiale medium og nettmedium. Saman med Hilde G. Corneliussen har ho redigert ei bok om brukarkultur og tolking av Quests i fleirbrukarnettspelet World of Warcraft (WoW). I 2008 utgav ho ei bok om blogging, og skreiv eit kapittel som oppsummerte norsk blogghistorie i boka Gi meg ei scene! frå 2013.[4]
Ho mottok Meltzerprisen 2005 for god forskningsformidling.
Bibliografi
endre- Seeing Ourselves Through Technology: How We Use Selfies, Blogs and Wearable Devices to See and Shape Ourselves. Palgrave 2014. ISBN 9781137476654.
- Blogging Cambridge Polity Press 2008 ISBN 978-0-7456-4133-1, 2. ugave 2014.
- Hilde G. Corneliussen og Jill Walker Rettberg (red) Digital culture, play, and identity: a World of Warcraft reader MIT Press ISBN 978-0-262-03370-1
- Jill Walker Fiction and interaction: how clicking a mouse can make you part of a fictional world 2003 ISBN 82-497-0183-6
- Jill Walker Hypertextual criticism comparative readings of three web hypertexts about literature and film Hovedoppgave i litteraturvitenskap 1998
Kjelder
endre- ↑ profil – Universitetet i Bergen
- ↑ Jill Walker Hypertextual criticism : comparative readings of three web hypertexts about literature and film Hovedoppgave i litteraturvitenskap - Universitetet i Bergen, 1998 ISBN 82-8088-105
- ↑ Jill Walker Fiction and interaction: how clicking a mouse can make you part of a fictional world 2003 ISBN 82-497-0183-6
- ↑ Kristian A. Bjørkelo red. Gi meg en scene! Norsk blogghistorie - ti år med terror, traumer og dagens outfit, 2013 ISBN 9788282820356
- Denne artikkelen bygger på «Jill Walker Rettberg» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Jill Walker Rettberg i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Jill Walker Rettberg i BIBSYS
- Rettbergs blogg
- Ansatteside ved Universitetet i Bergen
- Et samfunn styrt av algoritmer – lydopptak ved Bergen Offentlige Bibliotek 18. april 2018