World of Warcraft

dataspel frå 2004

World of Warcraft er det siste spelet i Warcraft-universet frå Blizzard Entertainment. Dette er eit «MMORPG» (Massive Multiplayer Online Role-Playing Game), der ein skapar ein eigen figur for å leggje ut på eventyrreise i den oppdikta verda Azeroth. Dette er det første utgjeve spelet i serien som braut med strategisjangeren. Blizzard har 1200 fast tilsette som jobbar med å utvikle spelet.

World of Warcraft

Utviklar(ar)Blizzard Entertainment
Utgjevar(ar)Blizzard Entertainment
Design(ar)Rob Pardo
Komponist(ar)Tracy W. Bush
SerieWarcraft
Siste versjon9.2.0
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS
Utgjeving23. november 2004
SjangerMMORPG, episk fantasy, science fantasy, fantasyspill
Spelemodusfleirspelar
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttps://worldofwarcraft.com/
Del av serien Warcraft
←Warcraft III: The Frozen Throne⠀ · World of Warcraft: The Burning Crusade→

Rob Pardo leia laget som utforma Azeroth i World of Warcraft. For dette arbeidet kom han i 2006 på Time Magazine si liste over dei 100 viktigaste personane i verda, igjennom kategorien underhaldning.[1][2] Time la spesielt merke til at delen brukarar då talde 6 millionar.[3] I januar 2008 passerte talet på brukarar 10 millionar.[4]

Den først offisielle utvidingspakken «The Burning Crusade» (Det brennande krosstoget), kom i sal den 16. januar 2007.

Artane endre

  • Alliansen er for tida samansett av dvergane, gnomane, menneska og nattalvane. Har ein utvidinga Det brennande krosstoget får ein også tilgang til å spele som Draeneiane.
  • Horden er for tida samansett av daudingane, dei kyraktige tauren, orkane, og blå troll. Har ein utvidinga Det brennande krosstoget får ein også tilgang til å spele som blodalvane.

I tillegg er det ei rekkje artar som berre vert styrt av spelet. Desse har mellom andre vore småtroll, kjempene og firfislene.

Referansar endre

  1. «The 100 Most Influential People in the World», TIME.com, henta 2. juli 2021 
  2. Jentoftsen, Marius (3. mai 2006), «BLOGG: Betydningsfulle spilldesignere?», Gamer.no (på norsk), henta 2. juli 2021 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. mai 2006, henta 15. november 2007 
  4. VG nett - WoW runder 10 millioner

Bakgrunnsstoff endre