Jim Crow-lovane

(Omdirigert frå Jim Crow-lovene)

Jim Crow-lovane var ei rekkje lovar som gjaldt i fleire amerikanske delstatar mellom 1876 og 1965, særleg i Sørstatane.[1][2] Lovane innebar rasemessig segregering, gjennom å påby at dei offentlege områda der «svarte» og «kvite» kunne ferdast skulle haldast skilde. Dette gjaldt til dømes skular, sjukehus, offentleg transport, restaurantar og hotell. I realiteten innebar lovane, sjølv om dei gav uttrykk for at svarte og kvite var likeverdige, at svarte vart utsette for omfattande diskriminering med omsyn til utdanning, økonomi og levesett.[3][4][5]

Originalt postkort med nedsettande karikatur av Jim Crow.

Jim Crow-lovane vart avvikla gradvis etter 1954, då høgsteretten i USA erklærte ei rekkje raseskiljelovar grunnlovsstridige.[6][7][8] Dei siste lovane vart oppheva i 1964 og 1965 gjennom Civil Rights Act of 1964 og Voting Rights Act of 1965.

Opphavet til nemninga endre

Omgrepet «Jim Crow» har vore i bruk i lang tid i USA, og skal skriva seg frå 1829, då den kvite artisten Thomas Dartmouth framførte songen og karikatur-dansen «Jump Jim Crow». «Jim Crow» vart deretter brukt nedsettande som kallenamn på svarte i USA, og etterkvart om raseskiljelovar, dei såkalla «Jim Crow-lovane».[9] «Jim Crow Law» blei først nytta i 1884 i ein avisartikkele om ein debatt i kongressen.[10] Han opptrer i 1892 i ein tittel i New York Times om at Louisiana innførte raseskilde togvogner.[9][11]

Omgrepet er enno i bruk om tilhøva i USA på denne tida. Til dømes brukte president Barack Obama omgrepet fleire stadar i boka si Audacity of Hope.

Kjelder endre

  1. Bubar, Joe. (March 9, 2020). The Jim Crow North - Upfront Magazine - Scholastic. Retrieved June 7, 2021.
  2. Fremon, David (2000). The Jim Crow Laws and Racism in American History. Enslow. ISBN 0766012972. 
  3. Perdue, Theda (October 28, 2011). «Legacy of Jim Crow for Southern Native Americans». C-SPAN. Henta 27 November 2018. 
  4. Lowery, Malinda Maynor (2010). Lumbee Indians in the Jim Crow South: Race, Identity, and the Making of a Nation. Univ of North Carolina Press. s. 0–339. ISBN 9780807833681. Henta 27 November 2018. 
  5. Wolfley, Jeanette (1990). «Jim Crow, Indian Style: The Disenfranchisement of Native Americans» (PDF). Indian Law Review 16 (1): 167–202. JSTOR 20068694. doi:10.2307/20068694. hdl:1903/22633. Arkivert frå originalen (PDF) 12. april 2019. Henta 27 November 2018. 
  6. «Brown v. Board of Education». Landmark Supreme Court Cases. Henta 29. september 2019. 
  7. «Brown v. Board of Education of Topeka». Oyez (på engelsk). Henta 29. september 2019. 
  8. «Two Landmark Decisions in the Fight for Equality and Justice». National Museum of African American History and Culture (på engelsk). 11. oktober 2017. Henta 29. september 2019. 
  9. 9,0 9,1 Woodward, C. Vann and McFeely, William S. (2001), The Strange Career of Jim Crow. p. 7
  10. «Congressional». Sioux City Journal. December 18, 1884. s. 2. 
  11. «Louisiana's 'Jim Crow' Law Valid». The New York Times (New York). December 21, 1892. s. 1. ISSN 0362-4331. Henta February 6, 2011. «New Orleans, Dec 20. – The Supreme Court yesterday declared constitutional the law passed two years ago and known as the 'Jim Crow' law, making it compulsory on railroads to provide separate cars for black people.» 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jim Crow-lovane