James Earl Carter II (fødd 1. oktober 1924), oftast omtala som Jimmy Carter, er ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar.

James Earl Carter II

President i USA
Periode20. januar 197720. januar 1981
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd1. oktober 1924 (100 år) i Plains i Delstaten Georgia
FødestadPlains, Lillian G. Carter Nursing Center
MorLillian Gordy Carter
FarJames Earl Carter, Sr.
EktefelleRosalynn Carter
BarnJack Carter, Amy Carter, James Earl Carter III, Jeff Carter
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Legion
Den trilaterale kommisjonen
FøregangarGerald Ford
EtterfølgjarRonald Reagan

Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men måtte sjå seg slegen av Ronald Reagan.

Etter avgangen som president har han engasjert seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.

Carter vart i 2002 tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jimmy Carter
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.