Gerald Ford
Gerald Rudolph Ford (14. juli 1913–26. desember 2006) var ein politikar i USA. Han var visepresident i USA frå 1973, då han vart utpeika etter Spiro Agnew. Ford vart president i USA i 1974 då Richard M. Nixon måtte gå av etter Watergate-skandalen. Ford var nummer 38 i rekkja av presidentar. Ford si store avgjerd som president var å gje straffefridom til Nixon. Avgjerda gjorde mykje til han han seinare måtte gå av som president etter å ha tapt valet mot Jimmy Carter.
Gerald Ford | |
![]() | |
Fødd | 14. juli 1913 Omaha |
---|---|
Død | 26. desember 2006 (93 år) |
Statsborgar av | USA |
Parti | Det republikanske partiet i USA |
Yrke | politikar, offiser, advokat, utøver av canadisk fotball, sjølvbiograf, amerikansk fotball-spelar, statsmann |
Institusjonar | Princeton University Harvard University Columbia University |
Utdanna ved | University of Michigan Yale Law School University of Michigan Law School Grunnskule Yale University Alexandria City High School Gordon–Conwell Theological Seminary |
Mor | Dorothy Ayer Gardner Ford |
Far | Leslie Lynch King Sr. |
Ektefelle | Betty Ford |
Barn | Michael Gerald Ford, John Gardner Ford, Steven Ford, Susan Ford |
Medlem | American Legion Veterans of Foreign Wars Boy Scouts of America |
Føregangar | Richard Nixon |
Etterfylgjar | Jimmy Carter |
Alle verv |
|
Ford var den einaste amerikanske presidenten som ikkje er vorte vald korkje som visepresident eller president.