Jimmy Haslip

amerikansk musikar og musikkprodusent

James Robert Haslip (fødd 31. desember 1951) er ein USA-amerikansk bassist som var med å skipe jazzfusiogruppa Yellowjackets.[1] Han var òg tidleg ute med å bruke fem-strengs elektrisk bass.[2]

Jimmy Haslip

Haslip på scenen i 2008
Fødd31. desember 1951 (72 år)
FødestadBronx i New York City i USA
FødenamnJames Robert Haslip
OpphavUSA
AktivSidan 1977
SjangerJazzfusion, verdsmusikk, rock, R&B, heavy metal
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarYellowjackets, Holdsworth Pasqua Haslip Wackerman, Blackjack, Jing Chi, Tommy Bolin Band
PlateselskapHeads Up
Verka somMusikar, komponist, produsent

I 1976 flytta han ti Los Angeles der han spelte med gitaristane Tommy Bolin og Harvey Mandel..[3] I tillegg til Yellowjackets har han arbeidd med Jeff Lorber, Eric Marienthal, Bruce Hornsby, Rita Coolidge, Gino Vannelli, Kiss, Tommy Bolin, Allan Holdsworth, Marilyn Scott, Chaka Khan, Al Jarreau, Donald Fagen og Anita Baker.

Haslip har gjeve ut to soloalbum: Arc,[4] og Red Heat med Joe Vannelli i 2000.[5][6] Haslip var medlem av rockegruppa Blackjack i 1979 og 1980 med Bruce Kulick, Sandy Gennaro og Michael Bolton.[7]

Kjelder

endre
  1. Phares, Heather. «Jimmy Haslip». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  2. Almador, Valery (6. juli 2012). «Renegade Creation Launches Second CD BULLET with Bassist Jimmy Haslip». bassmusicianmagazine.com. Henta 4. juni 2018. 
  3. «The Yellowjackets». orlandosentinel.com. 2. juni 1985. Arkivert frå originalen 4. desember 2013. Henta 4. juni 2018. 
  4. Yanow, Scott. «Arc». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  5. Red Heat, Jimmy Haslip and Joe Vannelli. Unitone Recordings, 2000
  6. Edelstein, Paula. «Red Heat». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  7. Bolton, Michael (2013). The Soul of It All: My Music, My Life. Hachette Book Group USA. ISBN 1455523666. Henta 4. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jimmy Haslip