Opna hovudmenyen

Chaka Khan (fødd 23. mars 1953 som Yvette Marie Stevens) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar som byrja i 1970-åra som frontkvinne i funkgruppa Rufus. Ho vert ofte kalla «Queen of Funk», «dronninga av funk», og har vunne ti Grammy-prisar og seld kring 70 millionar plater verda over.[1] Ho har fått sju gullsinglar, sju gullalbum og tre platinaalbum.

Chaka Khan
Chaka Khan.jpg
Fødd23. mars 1953 (66 år)
FødestadChicago, Illinois, USA
FødenamnYvette Marie Stevens
AliasChaka Adunne Aduffe Hodarhi Karifi Khan, Queen of Funk
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
Sjanger
Instrumentvokal, trommer
Stemmetypealt
PlateselskapABC, Warner Bros., Reprise, MCA, NPG, Burgundy
Verka somSongar-låtskrivar
PrisarIcon Award

Innhaldsliste

BiografiEndra

Chaka Khan voks opp i Chicago og då ho var 11 år gammal vart ho med i den første gruppa si, the Crystalettes. Medan ho gjekk på high school, vart ho med i Afro-Arts Theater, ei gruppe som turnerte med Mary Wells. Nokre år seinare tok ho det afrikanske namnet Chaka Khan, medan ho arbeide i frokostprogrammet til Black Panthers. Etter å ha slutta på skulen i 1969 vart Khan med i gruppa Lyfe, men slutta etter kort tid for å bli med i eit anna danseband, the Babysitters. Ho fekk ikkje suksess med nokon av dei, men dette endra seg då ho slo seg saman med det tidlegare Breed-medlemmane Kevin Murphy og André Fisher og danna Rufus.

Dei debuterte i 1973 med albumet Rufus på ABC Records. Rufus var av dei fremste funkgruppene i 1970-åra og utmerkte seg med den dynamiske vokalen til Khan. Dei hadde fleire gull- og platinaalbum før ho starta solokarrieren sin i 1978. Med produsenten Arif Mardin, fekk Chaka ein hit med singelen «I'm Every Woman» (ein hit for Whitney Houston eit tiår seinare). Suksessen til Khan vart derimot halde attende noko sidan ho framleis var medlem av Rufus og hadde kontrakt om å spele inn to album til med dei. Som soloartist song Khan korvokal for Ry Cooder i 1979 på Bop Till You Drop, og spelte så inn albumet Naughty i 1980. Det vart ikkje ein hit, og det vart heller ikkje oppfølgjaren What Cha' Gonna Do for Me.

I 1982 spelte Khan inn Echoes of an Era, ei samling jazzstandardar med Freddie Hubbard, Joe Henderson, Stanley Clarke, Chick Corea og Lenny White. Popkarrieren hennar var på vaklande grunn då ho i 1984 gav ut I Feel for You, der tittelsporet vart ein kjempehit. Dei neste albuma hennar, som Destiny i 1986 og CK i 1988 heldt Khan høgt på R&B-listene, medan ho gjorde det dårlegare på poplistene. Mot slutten av 1980-åra flytta ho til Europa.

I 1990 vann ho ein ny Grammy-pris med «I'll Be Good to You», ein duett med Ray Charles. Come 2 My House kom ut i 1998. Like etter ho gav ut sjølvbiografien Chaka! Through the Fire, vann ho ein ny Grammy i 2004 for å ha spelt Marvin Gaye sin «What's Going On» med Funk BrothersStanding in the Shadows of Motown. ClassiKhan inneheldt fleire tolkingar av jazzstandardar og kom ut seinare det året. I 2007 kom Funk This, ei samling relativt funky originaler og coverversjonar.

DiskografiEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra