Jinnah-stasjonen
Jinnah-stasjonen (JAS) er ein forskingsstasjon i Antarktis driven av Pakistan.[1][2] Han ligg i nærleiken av Sør-Rondane i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.[2]
Jinnah-stasjonen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 70°24′S 25°45′E / 70.400°S 25.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jinnah-stasjonen 70°24′S 25°45′E / 70.4°S 25.75°E | |||
Wikimedia Commons: Jinnah Antarctic Station |
Skildring og historie
endrePakistan signerte Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) i 1991. Det antarktiske forskingprosjektet vart sett i gang av forskarar frå Det nasjonale oseanografiinstituttet, med full støtte frå departementet for vitskap og teknologi i den pakistanske regjeringa. Prosjektet vart leia av den pakistanske marinen som tok seg av all transporten under prosjektet. I 1991 vart Jinnah-stasjonen oppretta. Pakistan har to sommarstasjonar og ein vêrstasjon i nærleiken av Sør-Rondane.
Anlegget vart raskt utvida av NIO. Rådgjevarar frå det pakistanske vitskapsdepartmenetet vitja ofte området. I 2001 vart basen knytt til Badr-B-satellitten, seom sender digitale bilete av regionen til hovudkvarteret til NIO. I 2002 vitja forskarar frå SUPARCO basen, der dei sette opp ein avansert superdatamaskin som vart driven av NIO og SUPARCO. I 2005 vart det bygd ei lita flystripe og eit kontrollrom for å overvake flygingar til og frå Pakistan.
Pakistan og USA samarbeider ofte om forskinga i området.
Kjelder
endre- ↑ Mills, J.M. (2003). Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia. 1 (A–M). Santa Barbara: ABC-CLIO.
- ↑ 2,0 2,1 Antarktis Research Det nasjonale oseanografiinstituttet
- Denne artikkelen bygger på «Jinnah-stasjonen» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: