Jinsafut
Jinsafut (arabisk جنصافوت) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordaust på Vestbreidda, 15 kilometer aust for Qalqilya,[2] og 16 kilometer aust for Nablus. Han ligg kring 430 meter over havet.[3] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 300 innbyggjarar i 2006.[4]
Jinsafut | |||
جنصافوت, Jensafut | |||
kommune | |||
Namneopphav: Jinsafut[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°10′43″N 35°07′46″E / 32.17861°N 35.12944°E | ||
Areal | 9,3 km² | ||
Folketal | 2 357 (2007) | ||
Folketettleik | 253 / km² | ||
Jinsafut 32°10′43″N 35°07′46″E / 32.178611111111°N 35.129444444444°E | |||
Kart som viser Jinsafut.
| |||
Wikimedia Commons: Jinsafut |
Historie
endreStaden var oppført i osmanske skattelister frå 1596 som «Jim Safut», i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 26 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]
I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen skildra som «ein liten landsby i høgt lende, med brunnar i nord, og nokre få oliventre.»[6]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Jensafut eit folketal på 267 innbyggjarar, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 315, igjen alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 450, all arabarar, med 9 356 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 410 mål for plantasjar eller irrigertland, 2 208 for korn,[10] medan 14 mål vart utbygd land.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jinsafut» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 183
- ↑ The Segregation Wall hits more Palestinian lands in Qalqilyia district Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Land Research Sentral (LRC) & The Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2004-06-15.
- ↑ Velkomen til Jinsafut PalestineRemembered.
- ↑ Projected Mid -Year Population for Qalqiliya guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS)
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 139.
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, vol. 2, s. 164
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, UnderNablus sanjak.
- ↑ 1931 Det britiske mandatet Census s. 62.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156