João Domingos Pinto

portugisisk fotballspelar

João Domingos da Silva Pinto (fødd 21. november 1961) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar frå Vila Nova de Gaia. Han var høgreback på FC Porto i over 16 år og var med om å vinne ni ligameisterskap og Europacupen 1987.

João Domingos Pinto

João Domingos Pinto.jpg

Statsborgarskap Portugal
Fødd 21. november 1961 (60 år)
Oliveira do Douro, Vila Nova de Gaia
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, EM i fotball 1984

KlubbspelEndra

Pinto debuterte for fotballklubben FC Porto i 1981. Frå og med 1984 til 1994 vann han og Porto fire nasjonale cupfinalar. Våren 1985 vart han portugisisk ligameister for fyrste gong, 12 år seinare avslutta han si tid som aktiv med å vinne ligaen for niande gong og for tredje gong i rad. Pinto var lagkaptein då Porto den 27. mai 1987 sigra med 2-1 over Bayern München i finalen i Europacupen 1987.

LandslagsspelEndra

Pinto spelte 70 landskampar for Portugal i tida 1983-96, og var lagkaptein i 42 av dei. Han deltok på laget under europameisterskapen 1984, men kom ikkje på bana under VM i fotball 1986. Pinto skåra eitt einaste landslagsmål, det fyrste målet då Portugal vann 3-1 i ein VM-kvalifiseringskamp 26. april 1989.

MerittarEndra

  • Vinnar av europacupen: 1987 med FC Porto
  • Portugisisk ligameister: 1985, 1986, 1988, 1990, 1992, 1993, 1995, 1996, 1997 med FC Porto
  • Portugisisk cupmeister: 1984, 1988, 1991, 1994 med FC Porto

KjelderEndra