Opna hovudmenyen
Deltakarlanda under fotball-EM 1984

Europameisterskapen i fotball 1984 var den sjuande europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Frankrike i tida 12. til 27. juni 1984. Vertslandet Frankrike vart europameister etter 2-0 over Spania i finalen på Parc des Princes i Paris. Dei 14 kampane var fordelt på sju byar; Lens, Lyon, Marseille, Nantes, Paris, Saint-Étienne og Strasbourg.

Omframt vertsnasjonen, som fekk friplass, hadde Belgia, Danmark, Jugoslavia, Portugal, Romania, Spania og Vest-Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet. 32 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå mai 1982 til desember 1983.

Dei åtte deltakarlanda i sluttspelet var fordelt i to like store grupper. Vinnarane i gruppene møtte så toarane i dei motsvarande gruppene til semifinalar. Semifinalevinnarane gjekk deretter til finale. Bronsefinale vart ikkje spelt.

I begge semifinalane stod det 1-1 etter 90 minuttar. Frankrike avgjorde mot Portugal då lagkapteinen Michel Platini la på til 3-2 i det 119. minutt. Den andre semifinalen mellom Spania og Danmark vart avgjort med straffesparktevling. Fyrst då ein av dei store spelarane i meisterskapen, danske Preben Elkjær, skaut utanfor på lagets femte straffe, kunne Spania juble for finaleplass.

Innhaldsliste

GruppespeletEndra

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Frankrike 3 3 0 0 9–2 7 6
2   Danmark 3 2 0 1 8–3 5 4
3   Belgia 3 1 0 2 4–8 −4 2
4   Jugoslavia 3 0 0 3 2–10 −8 0
12. juni 1984
Frankrike   1–0   Danmark Parc des Princes, Paris
Tilskodarar:
Dommar:
13. juni 1984
Belgia   2–0   Jugoslavia Stade Félix-Bollaert, Lens
Tilskodarar:
Dommar:

16. juni 1984
Frankrike   5–0   Belgia Stade de la Beaujoire, Nantes
Tilskodarar:
Dommar:
16. juni 1984
Danmark   5–0   Jugoslavia Stade de Gerland, Lyon
Tilskodarar:
Dommar:

16. juni 1984
Frankrike   3–2   Jugoslavia Stade Geoffroy-Guichard, Saint-Étienne
Tilskodarar:
Dommar:
16. juni 1984
Danmark   3–2   Belgia Stade de la Meinau, Strasbourg
Tilskodarar:
Dommar:


Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Spania 3 1 2 0 3–2 1 4
2   Portugal 3 1 2 0 2–1 1 4
3   Vest-Tyskland 3 1 1 1 2–2 0 3
4   Romania 3 0 1 2 2–4 −2 1
14. juni 1984
Vest-Tyskland   0–0   Portugal Stade de la Meinau, Strasbourg
Tilskodarar:
Dommar:
14. juni 1984
Romania   1–1   Spania Stade Geoffroy-Guichard, Saint-Étienne
Tilskodarar:
Dommar:

17. juni 1984
Vest-Tyskland   2–1   Romania Stade Félix-Bollaert, Lens
Tilskodarar:
Dommar:
17. juni 1984
Portugal   1–1   Spania Stade Vélodrome, Marseille
Tilskodarar:
Dommar:

20. juni 1984
Vest-Tyskland   0–1   Spania Parc des Princes, Paris
Tilskodarar:
Dommar:
20. juni 1984
Portugal   1–0   Romania Stade de la Beaujoire, Nantes
Tilskodarar:
Dommar:


FinalenEndra

 
Lagoppstillingane i EM-finalen 1984

EM-finalen fann stad på på Parc des Princes i Paris framfor 47 368 tilskodarar. Den suverene einaren i meisterskapen, den franske lagkapteinen Michel Platini, skåra sitt niande mål då han gav vertslandet leiinga etter 57 minuttar. Stillinga 1-0 stod seg til Bruno Bellone kontra inn 2-0 i sluttminuttet. Fem minuttar tidlegare var den franske midstopparen Yvon Le Roux utvist.

Dei franske spelarane som tok heim landslagets fyrste store pokal var: Joël Bats, Patrick Battiston, Yvon Le Roux, Maxime Bossis, Jean-François Domergue, Alain Giresse, Luis Fernández, Jean Tigana, Bernard Lacombe, Michel Platini, Bruno Bellone. Manuel Amoros kom inn for Battiston i det 73. minutt og Bernard Genghini for Lacombe etter 80 minuttar.

Spania stilte med: Luis Arconada (kaptein) i mål, Ricardo Gallego, Santiago Urquiaga, Salva García, José Antonio Camacho, Juan Señor, Víctor Muñoz, Julio Alberto, Francisco López, Santillana Alonso og Francisco Carrasco. Manuel Sarabia og Roberto Fernández vart bytta inn i det 77. og 85. minutt, ut fór Julio Alberto og Salva Garcia.

Vojtěch Christov frå Tsjekkoslovakia var finaledommar.

KjelderEndra