Joachim Dahl

norsk politikar

Joachim Dahl (28. juni 189231. juli 1972) var ein norsk stuert, fagforeiningsleiar og politikar frå Bergen som representerte Arbeidarpartiet og Bergen by på Stortinget i tida 1945-53.

Joachim Dahl
Fødd28. juni 1892
Død31. juli 1972 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Dahl utdanna seg ved Bergen stuertskole i 1910. Dei neste fire åra var han kokk og stuert i utanriksfart. Frå 1914 til -16 gjorde han teneste i marinen, før det vart nye to år i utanriksfart. Perioden 1918 til 1921 var han styrar av Bergen provianteringsråd. Der etter var han restauratør til 1923. I 1924 vart han tilsett som overkelnar og vikarinspektør på Hotel Rosenkrantz, ei stilling han hadde til 1932.

Sidan var Dahl 1932-33 fastløna tillitsmann i Norsk stuert- og kokkforbund og 1933-54 i Norsk Sjømannsforbund. I store delar av denne perioden var han også formann i Bergens-avdelinga av Norsk Sjømannsforbund. Frå 1954 til 1962 var han styrar ved Sjømennenes Helseheim på Vestlandet.

Dahl var medlem av Bergen bystyre i periodane 1934-40 og 1945-46. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå bykrinsen Bergen, attvald i 1949. Alle sesjonane på Stortinget hadde han plass i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, nestformann 1950-53.

KjelderEndra