Joachim Nielsens gang
59°54′40.223″N 10°45′43.214″E / 59.91117306°N 10.76200389°E
Joachim Nielsens gang er ei 50 meter lang fotgjengargate på Grønland i Oslo, frå gata Tøyenbekken, langsetter den vestre gavlveggen på Dramatikkens hus, rundt hjørnet på huset og fram til serveringsområdet på baksida, kalla Oslo Mekaniske Verksted, med tilgang til Teaterplassen og Mandalls gate. Fotgjengargata fekk namnet i 2006 etter artisten Joachim «Jokke» Nielsen (1964-2000), kjent frå rockegruppa Jokke & Valentinerne.
Kjelder
endre- Oslo byleksikon, femte utgåva ISBN 978-82-573-1760-7