Joachim Patinir
Joachim Patinir var ein flamsk målar og teiknar som arbeidde i Antwerpen. Han var fødd kringom 1475/80 og døydde 5. oktober 1524. Patinir er kunsthistorisk viktig gjennom å gjere landskapsmåling til ein eigen sjanger.
Joachim Patinir | |
Statsborgarskap | De sørlige Nederlandene |
Fødd | 1480 Dinant, Bouvignes-sur-Meuse |
Død |
5. oktober 1524 (48 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Medlem av | Antwerpen Sankt Lukas Gilde |
Joachim Patinir på Commons |
Liv og gjerning
endrePatinir var fødd i nærleiken av Dinant. Han gjekk i lære hos Gerard David i Brugge. I bileta sine fylgde han meisteren sin i behandlinga av landskapet. Til liks med sine samtidige, Hendrik Bles og Albrecht Altdorfer, vart landskapet eit hovudmotiv, medan forgrunnsfigurane mest er staffasje. Som landskapsmålar viser han, trass detaljrikdomen, eit blikk for det storslåtte og stemningsfylte. Måleria hans har ofte ein blåaktig tone.
Mellom dei mest kjende måleria til Patinir er; Jesu dåp, Den heilage Kristoffer, samt Flukta til Egypt, Antonius freisting og Himmel og helvete. I begge dei sistnemnde måleria syner han, med sin fantasifulle stil, likskapar med Hieronymus Bosch. Til skilnad frå Bosch la han mindre vekt på figurane og dess meir på landskapet med taggete fjell og knausar.
Han brukte ei arkaisk biletform med dobbelt perspektiv.
Patinir døydde i Antwerpen.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joachim Patinir» frå Wikipedia på svensk, den 16. april 2012.
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon