Gerard David (ca 146013. august 1523) var ein nederlandsk kunstmålar. Han synleggjer bibelske tema i bileta sine, med sidan naturmiljøet er sterkt til stades i måleria hans har han vorte sett som ein banebrytar for landskapsmåleriet.

Gerard David

Statsborgarskap Habsburg Netherlands
Fødd 1460
Oudewater
Død

13. august 1523 (63 år)
Brugge

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler, kunstnar, teiknar
Ektefelle Cornelia Cnoop
Gerard David på Commons
Kristi dåp, 1502-08
Den krossfesta, ca. 1515

Liv og gjerning endre

David var son til ein handverkar i Oudewater ved Gouda. Frå 1483 arbeidde han i Brugge, der han gjekk i lære hos Hans Memling. Også Jan van Eyck sin målarstil tok han mykje etter. Etter at Memling døydde i 1494, vart David den offisielle bymålaren i Brugge. Han vart leiar for målarlauget i Brugge i 1501. I 1515 vart han også oppteken som meister i målarlauget i Antwerpen.

I tillegg til sitt virke som kunstmålar deltok David i lokalstyringa av Brugge. Målarlauget utnemnde han til representant i byrådet i 1488, og han vart nærast årleg utpeika til å halde fram i rådet. År 1496 gifta David seg med ei dotter til leiaren av gullsmedlauget i Brugge. Gjennom dette ekteskapet, men også gjennom sin målarkunst, vart han med åra ein rik mann. Dett sette han i stand til i 1521 å yte eit større bidrag til karmelittklosteret Zion.

David skapte sin eigen målarstil allereie i yngre år. Allusjonar til Jan van Eyck, Rogier van der Weyden og Hugo van der Goes er likevel ganske gjenkjennelege. David måla mest stilsame, høgtidlege bibelske scener i det fri. Figurane hans har ei verdig haldning, landskapet dekker ein vesentleg del av biletflata. David har såleis vorte sett som ein forgjengar til landskapsmåleriet.

Davids ry som målar kviler tyngst på nokre altartavler og triptykon som han laga. Desse er i dag spreidde på ulike museum i fleire land i Vest-Europa.

David døydde 1523 i Brugge.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo har eit måleri av David, ei madonna i eit landskap.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre