Joseph «Joe» E. Plummer er ein amerikansk trommeslagar og perkusjonist frå Portland i Oregon.

Joe Plummer
Fødd20. hundreåret
FødestadMariposa
FødenamnJoseph E. Plummer
OpphavUSA
Aktiv1997-i dag
SjangerIndie rock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Black Heart Procession
Cold War Kids
The Magic Magicians
Mister Heavenly
Modest Mouse
The Shins
Honus Honus
PlateselskapEpic Records, Touch and Go Records
Verka somperkusjonist

Han var perkusjonist og trommeslagar for indie rock-bandet Modest Mouse frå 2004 åt 2012 og spela på albumet We Were Dead Before the Ship Even Sank.

Før han vart med i Modest Mouse spela Plummer med indie rock-banda The Black Heart Procession og The Magic Magicians[1]. Plummer var ein av dei 88 trommeslagarane som spela saman med dei japanske støyrock-pionerane Boredoms 88 Boadrum 8. august 2008.[2]

I mai 2009 vart Plummer trommeslagar i bandet The Shins i staden for Jesse Sandoval.[3] Han er òg medlem av Mister Heavenly, eit samarbeid med Honus Honus frå gruppa Man Man og Nicholas Thorburn frå gruppene Islands og The Unicorns. Bandet eksperimenterer med ein ny sjanger kalla «doom wop».[4]

Plummer jobbar òg som frilans-komponist. Han laga musikk for komedien «Antarctic...huh?», regissert av Matt Hoyt.[5]

10. november 2013, kunngjorde Orange County Register at Matt Aveiro hadde forlate Cold War Kids og at Plummer kom til å ta over plassen hans på ubestemt tid.[6] 15. juli 2014 gav Cold War Kids ut den fyrste singelen, «All This Could Be Yours» frå det femte albumet deira «Hold My Home».[7] I motsetning til tidlegare var Plummer og multiintrumentalist og songar Matthew Schwartz no oppgjeve som vanlege medlemer av bandet, ikkje turnémedlemer.

7. august 2015 vart prosjektet «Built in Sun» saman med Pall Jenkins og Richard Swift gjeve ut.[8]

Kjelder

endre