Joey Covington
Joseph «Joey» Edward Covington (27. juni 1945–4. juni 2013) er ein amerikansk trommeslagar, mest kjend for tida i Hot Tuna og Jefferson Airplane.
Joey Covington | |||
Fødd | 27. juni 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Johnstown | ||
Død | 4. juni 2013 (67 år) | ||
Dødsstad | Palm Springs | ||
Fødenamn | Joseph Edward Covington | ||
Opphav | East Conemaugh i Pennsylvania | ||
Aktiv | 1955 - 2013 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Trommer, vokal | ||
Tilknytte artistar | Hot Tuna, Jefferson Airplane, Jefferson Starship | ||
Verka som | Perkusjonist, låtskrivar, plateprodusent |
Covington starta å spele trommer då han var ti år og var med å starta bluesrockbandet Hot Tuna i 1969, i lag med Jefferson Airplane-medlemmane Jack Casady og Jorma Kaukonen. Han finst ikkje på nokre av innspelingane til Hot Tuna, men vart seinare med i Jefferson Airplane der han spelte på tre album då han erstatta Spencer Dryden.
Covington omkom i ei bilulukke i Palm Springs i California i juni 2013.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joey Covington» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2011.
- ↑ «Rockestjerne døde i bilkrasj». VG. 6. juni 2013. Henta 6. juni 2013.