Johan Alfred Svendsen

norsk politikar

Johan Alfred Svendsen (4. september 18861954) var ein norsk bestillingsmann og politikar frå Arendal, stortingsrepresentant 1931-36 for Høgre og byane i Hedmark og Oppland.

Johan Alfred Svendsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1886
Arendal
Død

september 1954 (67 år)
Lillehammer kommune

Yrke politikar
Politisk parti Høgre

Far til Svendsen var murmeister. Sjølv fekk han etter mellomskuleeksamen i 1902 arbeid på amtskontoret i Nedenes. I 1908 flytta han til Lillehammer og byrja i stilling som amtsfullmektig i dåverande Kristians amt. Sidan nyår 1919 var han fylkeskasserar i Oppland.

På Lillehammer let Svendsen seg velje til leiar av ei rad framståande organ, både offentlege og private. Såleis var han til ulike tider formann i fattigstyret, likningsnemnda, trygdenemnda og det lokale vinmonopolstyret. Frå 1923 til 1928 var ordførar i Lillehammer bystyre, medlem i bystyret til 1934. Elles var han formann i forstandarskapet til den lokale sparebanken og styremedlem i De Sandvigske Samlinger til 1929.

I to valperiodar frå 1931 til 1936 var Svendsen på Stortinget som representant frå dei fire kjøpstadene i Hedmark og Oppland; Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og Gjøvik. I den fyrste treårsbolken var han medlem i Sosialkomiteen, i den siste bolken formann i same. Frå 1934 til dei politiske partia vart forbodne i 1940 var Svendsen sentralstyremedlem i Høgre. I 1938 utnemnd til medlem Den departementale befalskomite av 1938.

Kjelder endre