Opna hovudmenyen

Johan Andreas Budtz (177113. august 1845) var ein dansk-norsk embetsmann og stortingsmann.

Johan Budtz
Fødd 1771
Randers kommune
Død

13. august 1845
Stord

Yrke politikar

Budtz var fødd i Randers i Danmark, der faren hans var kjøpmann. Sjølv tok han juridisk eksamen i 1795, og vart kopist i rentekammeret året etter. Frå 1798 var han fullmektig i rentekammeret.

Budtz representerte Søndre Bergenhus amtStortinget 1815-16, 1818, 1824, 1827, 1828 og 1833. I 1815-16 var han visepresident i Odelstinget og i Stortinget, samt visesekretær i Stortinget og Odelstinget. Han var medlem av åtte komitear. I 1818 var han opphavleg suppleant, men møtte på Stortinget frå 31. mars, då valet av ein representant vart forkasta. Han var visepresident i Stortinget og formann i tre av dei 17 komiteane han var med i. I 1824 var han president og visepresident i Odelstinget og medlem av åtte komitear. Både i 1827 og på det overordentlege storting 1828 var han visepresident i Odelstinget og medlem av valkomiteen. I 1833 var han visepresident i Stortinget og formann i både valkomiteen og komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen.

I 1819 vart Budtz fut i Sunnhordland og Hardanger. Han var då busett på Stord, der han døydde i 1845.

KjelderEndra