Johan Bollmann

norsk politikar

Johan Henrik Bollmann (1. september 186822. oktober 1945) var ein norsk skipsreiar, skipsmeklar og politikar frå Bergen, stortingsmann for Frisinna Venstre.

Johan Bollmann

Bollmann kom frå ei rik kjøpmannslekt. Etter å ha teke artium som privatist underviste han 1888-1900 ved Bergens tekniske aftenskole, samstundes var han frå 1885 volontør i skipsreiar- og meklarfirmaet Ths. Svanøe. I 1900 tok han over firmaet og dreiv det i eige namn fram 1925.

Bollmann hadde ei lang rekke styreverv i forretningslivet, det vere seg forsikringsselskap og industriverksemder. Mellom anna var han formann i to år i Bergens Skibsmæglerforening og formann i forstandarskapet til Bergens Sparebank.

Politisk engasjerte Bollmann seg for Frisinna Venstre. Han var såleis bystyremedlem 1898–1901 og 1913–16 i Bergen, hovudstyremedlem i Frisinna Venstre. Perioden 1922–1924 var han varamann til Stortinget og møtte fleire gongar i 1923 og 1924 i staden for Johan E. Mowinckel. Tingbolken 1928–30 hadde han fast plass på Stortinget, då nestformann i Post- og telegrafkomiteen.

Kjelder endre