Johan E. Mowinckel

Johan Ernst Mowinckel (7. november 186023. mars 1947) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Bergen. Han var stortingsrepresentant for Høgre i åra 1922-24.

Johan E. Mowinckel
Fødd7. november 1860
Bergen
Død23. mars 1947 (86 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
BarnThorolf Beyer Mowinckel
Alle verv

Mowinckel var son til ein kjøpmann. Etter læretid i Tyskland slo han seg ned i heimbyen Bergen og arbeidde i fem år, 1875-80, hos kjøpmann Ludolf Næss. Sidan dreiv han ulike handelsverksemder. Det tok til med grossistfirmaet Mowinckel & Müller, frå 1884 drive vidare som sjølveigd kolonialvare-grossist J.E. Mowinckel. På 1890-talet starta han opp ein margarinfabrikk, og dreiv denne i nærare 30 år. I 1895 var han med å stifte handelsforeininga i Bergen, formann i foreininga og ei tid varaordførar i bystyret.

Perioden 1906-09 var Mowinckel varamann til Stortinget frå Nygård valkrins. Ved stortingsvalet 1921 vart han vald til å representere Bergen by og partiet Høgre på Stortinget, der han i åra 1922-24 var medlem i Næringskomite nr 2.

Kjelder endre