Johan Ernst Berg
Johan Ernst Berg (19. oktober 1768–15. oktober 1828) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Johan Ernst Berg | |||
Fødd | 19. oktober 1768 Strinda kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 15. oktober 1828 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Alle verv |
|
Berg var frå Strinda i Sør-Trøndelag, der far hans var gardbrukar. Berg vart uteksaminert jurist i 1795. 1802 var han fullmektig i det danske generalpostamtet, året etter vart han utnemnd til fut i Salten i Noreg. Tolv år seinare, 1815, vart han amtmann i Nordland. Eit embete han sat i til han døydde.
Berg var innkalla til Eidsvollforsamlinga, men ingen frå Nord-Noreg var til stades på Eidsvoll grunna kommunikasjonane. Han vart sidan vald til stortingsrepresentant to gongar. På stortinget 1815-16 var han 2. representant frå Nordlands amt, og var med i tolv stortingskomitear. 1821 vart han innvald på nytt, og atter medlem av tolv komitear. Til det overordentlege storting 1822 melde han avbod grunna sjukdom. Både i 1815 og 1821 var han med i komitear som arbeidde med spørsmål kring utviklinga av Bodø som kjøpstad og by.
Berg var innehavar av Nordstjerneordenen.
Han døydde på amtmannsgarden i Bodin.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Johan Ernst Berg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914