Johan Grøttumsbråten

Johan Grøttumsbråten (12. februar 189924. januar 1983) var ein norsk idrettsutøvar som konkurrerte i både langrenn og kombinert1920-talet.

Johan Grøttumsbråten
Johan Grøttumsbråten.jpg
Johan Grøttumsbråten under VM på ski i 1931
Fødd 24. februar 1899
Christiania
Død

21. januar 1983
Bydel Vestre Aker

Yrke skihoppar, langrennsløpar, kombinertløpar
Johan Grøttumsbråten på Commons

Han vann to olympiske gullmedaljar under vinter-OL 1928 i St. Moritz, både 15 km langrenn og kombinert. Olympisk gull i kombinert vann han på ny under vinter-OL i Lake Placid, New York fire år seinare. Grøttumsbråten var norsk flaggberar under dette OL.

Grøttumsbråten vann kombinert i Holmenkollrenna fem gonger, i 1923, 1926, 1928, 1929 og 1931, han hadde dessutan fem sigrar i det kombinerte langrennet. Han har vunne 10 kongepokalar.

I 1924 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Harald Økern.

BakgrunnsstoffEndra