Johan H. Andresen jr.

Johan Henrik Andresen (fødd 25. juli 1961) er ein norsk forretningsmann som var registrert som den rikaste i Noreg på dei offisielle skattelistene for 2007. Han er god for nærare 2,8 milliardar norske kroner, og hadde ei inntekt på over 439 millionar norske kroner i følgje likninga for 2007. Sedan 2011 har han ikke nytta jr. etter sitt namn.

Johan H. Andresen jr.

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juli 1961 (62 år)
Oslo
Yrke investor, forretningsdrivande
Far Johan Henrik Andresen (1930–2011)
Nettstad https://ferd.no
Johan H. Andresen jr. på Commons

Rikdomen kan i stor grad knytast til arven av eit stort tobakkskonsern. Som den eldste av fire sysken i Andresen-familien, som har drive tobakksproduksjon sidan 1849, vart det han som arva verksemda. Han overtok gradvis som innehavar utover på 1990-talet og vart partnar i 1994 og konsernsjef i 1998. Men i 2005 selde han alle aksjane sine i Skandinavisk Tiedemanns Tobaksfabrik for 3,3 milliardar kroner. I dag er han eigar og konsernsjef i morselskapet Ferd. Dette har også fleire dotterselskap i andre bransjar, som til dømes Elopak som produserer emballasje og Swix som produserer skismurning. Han viste også interesse for å kjøpe sveitsiske SIG i 2006–2007, men valde til slutt å trekkje seg frå budkampen.[1]

Andresen har engasjert seg i arbeidet med å få fram unge forretningstalent, mellom anna gjennom ulike opplegg for unge gründerar og som styremedlem i Ungt Entreprenørskap Norge. Han har også teke initiativ til eit samarbeid mellom private aktørar og det offentlege for å få oppretta eit stort mikrofinansfond for Noreg (2006).

Johan Henrik Andresen har ein Bachelor of Arts på Dartmouth College i USA frå 1988 og ein Master of Business Administration frå Rotterdam School of Management i Nederland frå 1993.[2] I tillegg har han studert historie ved Universitetet i Oslo og arbeidd som produktsjef i International Paper Co. i USA. Andresen er busett i Oslo og har to døtrer.

Kjelder endre

Fotnotar endre