Johan Havaas

Johan Johnsen Havaas (Havås) (19. oktober 186427. april 1956) var ein norsk gardbrukar og botanikar frå Granvin i Hordaland.

Johan Havaas
Johan Havaas.jpeg
Fødd 19. oktober 1864
Død

27. april 1956 (91 år)

Yrke botanikar, bryologist
Johan Havaas på Commons

Oppvekst og vitskapeleg gjerningEndra

Johan Havaas voks opp på garden Havås i Granvin og fekk tidleg interesse for naturvitskap og botanikk. Han var særleg interessert i den kryptogame floræn. Havaas hadde berre omgangsskule og var for ein stor del sjølvlærd, og lærde seg også framande språk (m.a. latin, engelsk, tysk, fransk og spansk) på eiga hand, slik han både kunne brevveksla med vitskapsmenn i utlandet og gje ut avhandlingane sine. Med stønad frå m.a. Bergen Museum reiste han over heile landet og samla inn og registerte store mengder mosar, lav og parasittsoppar. Særleg interesse hadde han for lav, og han beskreiv sjølv ei rekkje nye arter. Arbeida hans vekte internasjonal interesse, medan han har vore mindre kjend i Noreg.

Granvin Bygdatun har ei samling etter Johan Havaas, elles finn ein samlingar etter han ved Universitetet i Bergen og ved Duke University i North Carolina i USA. I 1934 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

SkrifterEndra

  • Floristiske undersøgelser i Søndre Bergenhus Amt (1897) (I Bergens museums aarbok 1897)
  • Nye findsteder for nogle sjeldnere lichener (1899) (I Bergens museums aarbok 1899)
  • Om vegetationen paa Hardangervidden (1902) (I Bergens museums aarbok 1902)
  • Beiträge zur Kenntnis der west-norwegischen Flechtflora 1 (1909) (I Bergens museums aarbok 1909)
  • Lichenvegetationen ved Mosterhavn (1916) (I Bergens museums aarbok 1917—1918)
  • Om vegetasjonen på toppen av Hårteigen (1927) (I Bergens museums aarbok 1927)
  • Om lichenvegetasjonen på Stadtlandet (1935) (I Bergens museums aarbok 1935)
  • Notes to the lichen flora of the mountains Steinsæterhorgi and Smøreggfjellet in Granvin, Hordaland fylke (1954) (Årbok for Universitetet i Bergen 1954)
  • Granvins løvmosflora (1961) (Årbok for Universitetet i Bergen 1961)

Johan Havaas har òg gjeve ut to verdfulle avhandlingar:

  • Lichenes exsiccati Norvegiae og
  • Lichenes Norvegiae occidentalis exsiccati

Litteratur om Johan HavaasEndra

  • Johan Havaas, fjellbonde og vitskapsmann. Mangfaldig botanikar med internasjonalt ry. Redigert av Severin Kjerland og Hans S. Haugse. Mars 2005. Utgjeven av Havaas-samlinga i Granvin. ISBN 82-303-0396-7.