Johan Sigurd Karlsen (5. mai 189411. juni 1967) var ein norsk steinhoggar og politikar fødd i Fredrikstad. Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og Arbeidarpartiet i tida 1954-65.

Johan Karlsen
Fødd 5. mai 1894
Død

11. juni 1967

Yrke politikar

Karlsen var son til ein steinhoggar. Han var sjølv steinhoggar og arbeidar ved ulike anlegg i åra frå 1908 til 1927. I 1927 fekk han stilling ved restaureringsarbeida på Nidarosdomen og arbeidde der sidan.

Karlsen engasjerte seg politisk og var 1929-35 formann i Strinda Arbeiderparti. Han var medlem av Strinda kommunestyre 1934-40, ordførar i kommunen i 1945, varaordførar 1945-47 og medlem 1951-55. Frå 1932 til 1958 hadde han plass i skulestyret i Strinda, formann 1938-1954. Han var også ein lang periode med i alderstrygdnemnda i Strinda, som varaformann 1945-51 og formann 1952-55. Perioden 1946-60 var han formann i sjukehusstyret i Strinda.

Av tillitsverv kan nemnast at Karlsen var formann 1948-53 i Sør-Trøndelag Tjenestemannslag, landsstyremedlem 1951-66 i Norsk Tjenestemannslag og 1958-66 medlem i representantskapet i Landsorganisasjonen.

Karlsen representerte Sør-Trøndelag på Stortinget frå nyår 1954 til hausten 1965. I den fyrste av dei tre fireårs valbolkane Arbeidarparti-mannen var på Stortinget var han medlem i Protokollkomiteen, sidan hadde han plass i Samferdslekomiteen til han forlet Tinget i 1965.

KjelderEndra