Johan Lauritz Rasch

norsk politikar og embetsmann

Johan Lauritz Rasch (1. desember 18295. mars 1901) var ein sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.

Johan Lauritz Rasch
Fødd 1. desember 1829
Christiania
Død

5. mars 1901 (71 år)

Yrke politikar

Rasch var son til ein hamnefut. Han vart student i 1848 og cand. jur. i 1852. Deretter var han i fire år fullmektig hos sakførar i heimbyen. Frå 1856 arbeidde han i Fredrikshald (Halden), fram til 1876 som overrettssakførar, sidan som byfut 1876-81. Åra 1881-90 var han amtmann i Smaalenene.

Han var ordførar i Fredrikshald frå 1865 til 1881. Elles var han styremedlem av Fredrikshalds bankkontor 1881-87 og ei tid styreformann i Dalslandsbanen.

Rasch var Fredrikshald sin representant på Stortinget 1871-73, 1880-82 og på omframstortinget 1882. I den fyrste perioden var han sekretær i Stortinget og medlem av justiskomite nr 2, i den andre var han medlem av justiskomiteen.

Rasch døydde i Kristiania i 1901.

KjelderEndra