Johan Mathiassen

norsk politikar

Johan Mathiassen Moe (17. januar 187522. oktober 1950) var ein svensk-norsk gardbrukar og politikar som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1927 til 1945.

Johan Mathiassen
Fødd 17. januar 1875
Død

22. oktober 1950 (75 år)

Yrke politikar

Mathiassen var son til ein bonde i Kville sokn i Bohuslän. Han flytta til Sandar i Noreg i 1894 og arbeidde i to år som tenestekar på eit gardsbruk. Sidan var han i fire år køyrekar i Kristiania og forpakta så gardsbruk. I 1903 han reiste tilbake til Sandar og arbeidde i sju år på Framnes mekaniske verksted. Etter han hadde vorte norsk statsborgar kjøpte han i 1910 ein gard på Mo i Sandar, og dreiv denne i lang tid.

Mathiassen var medlem av Sandar heradsstyre frå 1913 til 1940, mest heile tida hadde han plass i formannskapet. Elles var han i mange år medlem i likningsnemnda og i fattigstyret.

Hausten 1927 vart Mathiassen vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, den aller fyrste Arbeidarparti-representanten frå valkrinsen Vestfold. Sidan vart han attvald både i 1930, 1933 og 1936. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen, frå 1931 hadde han fast plass i Landbrukskomiteen.

KjelderEndra