Johan Nymo

lærar og folkemusikar

Johan Nymo (4. august 190827. august 1997 på Andselv) var ein norsk lærar og folkemusikar.

Johan Nymo
Fødd4. august 1908
FødestadMålselv kommune
Død26. august 1997 (89 år)
DødsstadMålselv kommune
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarBlixprisen

Bakgrunn

endre

Johan Nymo var elev på Trondarnes folkehøgskole 1928-29.[1] Han gjekk ut frå Tromsø lærarskole i 1934, på den første 4-årige utdanninga der. Så bar det rett til Straumen i Sørreisa der han var lærar eitt år. I 1935 bar det til Arnøyhamn som lærar, men så vendte han tilbake til Sørreisa året etter. Og her var han lærar i 9 år. I 1946 kom han så til Målselv, og her var han lærar i 29 år fram til han gjekk av i 1975.[2]

Kulturarbeid

endre

Johan Nymo var med å etablere og han dirigerte Sørreisa mannskor frå 1939.[3]

Johan Nymo var den som kalla inn til skipingsmøtet i Målselv Mållag 18. desember 1947, og han var også den første formannen i laget. Han sat som leiar i 30 år, heilt til 1977.[4]

Johan Nymo gjorde eit stort arbeid med å samle inn folkemusikk i Målselv slik at mange av slåttane og songane ikkje døydde ut. På 1950-60-talet sykla han milevis rundt med ein bandspelar på bagasjeberaren for å feste slåttar til band og intervjue gamle spelmenn. Mykje av dette er samla i Spelmenn og spelmannsarv i Målselv.

I 1949 gjekk Johan Nymo i spissen då Målselv Mållag arrangerte det første spelmannsstemnet i Målselv,[5] og utifrå dette voks Målselv Spelmannslag fram. I 1970 arrangerte Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag det første spelmannsstemnet for Nordkalotten med Johan Nymo som initiativtakar og gjennomførar. Her deltok det blant anna fire svenske spelmenn.[6][7] Seinare fekk dette nordiske spelmannstreffet namnet Kalottspel.[8]

Johan Nymo var sentral i prosessen som på 1940-talet gjorde «Målselvbindingen» (med stramming frampå tåa, slik som den kjente Kandahar-bindinga) kjent i det nasjonale skigåing-miljøet.[9]

Johan Nymo blei tildelt Blixprisen 1986.[10] I 1984 fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv.[11]

Johan Nymo var far til folkemusikaren Svein Nymo.

Utgjevingar

endre
  • ABC i felespel med slåttegrep, med skisser av May Karen Pedersen, 1979[12]
  • Spelmenn og spelmannsarv i Målselv, notar og notat, 1982[13]

Referansar

endre
  1. Trondarnes folkehøgskule 1919-1929, side 42 (elevliste)
  2. Nye Troms, torsdag 28. august 1975 [1]
  3. "Sørreisa mannskor, ca. 1938" (bilde), i: Sørreisa bygdebok. Gård og slekt. Bind 2, side 336 [2]
  4. Nye Troms, torsdag 6. november 1997 [3]
  5. Tromsø, onsdag 22. juni 1949: Spelmanns-stemne i Målselv. 300 mennesker møter fram på Dølheim [4]
  6. Nordlys, torsdag 1. oktober 1970. Spelmannstevne på Bardufoss i helga [5]
  7. Nordlys, onsdag 21. oktober 1970: Felespill og fest i Målselv [6].
  8. Nordlys, tirsdag 24. juni 1975: Spelemenn fra hele Nordkalotten til Målselv (Kalottspel 75) [7]
  9. Tromsø, fredag 23. januar 2004: Målselvbindingen, av Vidkunn Haugli [8]
  10. Nye Troms, tirsdag 6. mai 1986: Johan Nymo fekk Blix-prisen [9]
  11. «Kongens Fortjenestemedalje til han Johan». Nye Troms. 28. februar 1984. 
  12. ABC i felespel med slåttegrep [10]
  13. Spelmenn og spelmannsarv i Målselv [11]