Målselv Mållag
Målselv mållag er eit mållag i Målselv i Troms og Finnmark. Laget er med i Noregs Mållag og Troms og Finnmark mållag.
Styre og medlemmar
endreMålselv mållag blei stifta 18. desember 1947.[1][2]
Leiarar i Målselv mållag har vore:
- 1947-1976: Johan Nymo[1]
- 1977-1978: Terje Dahl[3][4]
- 1979-1982: manglar namn
- 1983: Eirik Myre[5][6]
- 1984-1985: Kurt Reinhardt[7]
- 1986: Eirik Myre[8]
- 1987: Øyvind Tollefsen[9]
- 1988: Grete Lien Stenvold[10]
- 1989-1990: Jorun Bøygard Tangen[11][12]
- 1991-1995: Berta Nordang Nymo[13][14]
- 1996-1998: Jorun Bøygard Tangen[15][16][17]
- 1999-2003: Janne Wahlquist[18][19]
- 2004-2015: Bodil Vinjevoll[20]
- 2016: Kjell-Magne Lundskar[21]
- 2017-d.d.: Nina Fjeldet[22]
Laget hadde i 2023 34 medlemmar.[23] Leiar i 2023 er Nina Fjeldet.[24]
Lagsarbeid
endreVed 30 års-jubileet i 1977 kunne laget oppsummere at det hadde vore med på å avvikle 27 spelmannsstemner og 10 bygdekunstutstillingar.[1] Det første spelmannsstemnet blei halde i 1949, og i oktober 1970 blei spelmenn frå Nordkalotten invitert, og dermed var det første Kalottspelet på plass. Det første Kalottspelet var eit samarbeid mellom Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag.
Målselv Mållag har heilt sia 1963 gitt ut årboka Jul i Bardu og Målselvdalen saman med Bardu Mållag.
I 1979 gav Målselv Mållag ut «Sildrebekken», dikt av Arne Lyngås (44 sider).[25]
I 1997 gav Målselv Mållag ut heftet Dialekter i Målselv og Bardu, skrive av Brit Mæhlum.[26] I samband med dette heftet gav mållaget i 1998 ut ein CD med Dialektprøver frå Målselv og Bardu.
I 1994 gav laget ut «Kuppulsten», dikt av Arne Lyngås.[27]
I 1997 markerte Målselv mållag 50 år.[15] Og i 2017 markerte Målselv Mållag 70-årsjubileet sitt.[28][29]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Målselv Mållag 30 år». Jul i Bardu og Målselvdalen. Årbok 1977, side 20-21.
- ↑ Tromsø, onsdag 24. desember 1947
- ↑ Terje Dahl blei vald til leiar på årsmøtet 6. februar 1977 (Møtebok for Målselv Mållag)
- ↑ Nye Troms, tirsdag 21. februar 1978
- ↑ Målselv mållag: Årsmelding 1983
- ↑ Nye Troms, tirsdag 1. mars 1983
- ↑ Målselv mållag: Årsmelding 1984 og 1985
- ↑ Nye Troms, lørdag 28. februar 1987
- ↑ Målselv mållag: Årsmelding 1987
- ↑ Årsmelding 1988, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding 1989, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding 1990-91, NM-arkivet
- ↑ Nye Troms, lørdag 16. mai 1992
- ↑ Årsmelding 1990-1995, NM-arkivet
- ↑ 15,0 15,1 Nye Troms, tirsdag 18. mars 1997
- ↑ Nye Troms, tirsdag 16. februar 1999
- ↑ Årsmelding 1995-1996, NM-arkivet
- ↑ Nye Troms, lørdag 26. juni 1999
- ↑ Årsmelding 2000, 2002, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding 2004-2011 og 2013-2014, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding 2015, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding 2016, 2017, 2020, NM-arkivet
- ↑ Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 2022
- ↑ «Lagsoversyn», Noregs Mållag, henta 12. oktober 2023
- ↑ Sildrebekken : dikt; på nb.no
- ↑ Sjå omtale i Harstad Tidende, fredag 9. januar 1998
- ↑ Nye Troms, lørdag 20. august 1994
- ↑ Nye Troms, tirsdag 22. april 2017 (betalingsmur)
- ↑ Språk i nord / Troms og Finnmark mållag (henta frå nm.no): Målselv mållag er 70 år [1]
Bakgrunnsstoff
endre- «Målselv Mållag 30 år». Jul i Bardu og Målselvdalen. Årbok 1977, side 20-21.
- Sildrebekken. Dikt av Arne Lyngås. 44 sider. Målselv Mållag 1979.
- «Målselv Mållag er 50 år», Nye Troms, tirsdag 18. mars 1997
- Brit Mæhlum: Dialekter i Målselv og Bardu. 82 sider. Målselv Mållag 1997.
- Dialektprøver frå Målselv og Bardu. CD gjeve ut i 1998 av Målselv Mållag i samband med heftet Dialekter i Målselv og Bardu av Brit Mæhlum.
- «70 år med mål og mening», Nye Troms', 14. mars 2017
- «Målselv Mållag er 70 år», Språk i nord (blogg) 31.oktober 2017 , opphavleg frå heimesida til Noregs Mållag.
- Kontaktadresse frå heimesida til Noregs Mållag.
- Målselv historielag si side om Jul i Bardu og Målselvdalen, med innhald for årbøker 1963-2010